Kunnskap

«Vi veit ikkje korleis framtida vil bli for dei vinterspesialiserte dyra.»

Det er lite kamuflasje i ein kvit vinterham når snøen ikkje kjem.
Det er lite kamuflasje i ein kvit vinterham når snøen ikkje kjem.
Publisert

Mange ønsker seg ei kvit jul, med raudkinna ungar i akebakken og opptrakka skiløyper innover i skogen. Den vinterkvite haren som hoppa over den grøne plenen heime hos meg for eit par veker sidan, ville nok òg gledd seg over litt meir snø på bakken. Men når klimaet endrar seg og snøen forsvinn, kva skjer då med haren og dei andre dyra som har tilpassa seg ein gamaldags arktisk vinter?

I norsk fauna finn vi fire dyreslag som kan skifte frå sommardrakt til kvit vinterham: hare, røyskatt, fjellrev og rype. Røyskatt og fjellrev kan ha nytte av kamuflasjen når dei er på jakt, men kvit vinterham er først og fremst til vern mot sjølv å bli oppdaga og eten.

Isolerande kledning

Det som er ei effektiv kamuflasjefarge, kan føre til mindre absorpsjon av solenergi om vinteren, men samstundes vil varmen som kjem inn, bli betre fanga i den tjukke vinterulla. Dessutan er det for dyr som overvintrar i polare strøk, lite å tene på solvarme i dei kaldaste månadene, det er langt viktigare å hindre varmetap på grunn av kulde og vind.

Og det er naturlegvis ikkje berre farga som endrar seg, oppbygginga av pels og fjør blir òg tilpassa vinterklimaet. Pattedyr får fleire dekkhår og meir underull, og om vinteren blir dekkhåra smalare ved rota, slik at dei lettare bøyer seg med vinden. Tuppen av dekkhåra får større holrom fylte med luft, og blir breiare og flatare slik at dei legg seg som ei tett og isolerande kledning utanpå underulla.

Ein studie av ryper på Svalbard viste at dei fekk meir dun om vinteren, og at fjøra på kroppen vart kortare, tjukkare og tolte vinden betre. På hovudet og beina vart det fleire og lengre fjør for å gje mindre varmetap, særleg hovudet og halsen er det viktig å halde godt isolert. Blir blodet til hjernen avkjølt, vil rypa fort bli ufokusert og eit lettare bytte. Førsteårsfugl hadde dårlegare vinterdrakt og var difor meir utsett for frosten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement