Dyr

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.
Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.
Publisert

Solkvervsdag, mobilskjermen lyser opp. Det er ei melding frå Band, ein app som varslar når ein sjeldan fugl har blitt sett i området: Ein stad i nærleiken av Oslo har nokon møtt på ei hoe av munk.

Arten, som om våren er ein alminneleg hekkefugl, er nok ikkje vanleg i Noreg vinterstid, men nokre individ vert no sette årleg i det nordvestlege hjørnet av Europa.

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket. Historia byrja alt på 1700-talet, då fuglekjennarar i Mellom-Europa la merke til at individ av ulike artar, blant anna munkar, som dei heldt i bur, vart urolege på visse tidspunkt av året. Det synte seg etter kvart at uroa kom samstundes som frie artsfrendar trekte bort. Ho greip altså individ som sjølve var blitt fødde i fangenskap og aldri hadde hatt høve til å flyge nokon stad.

Denne rastløysa heimsøkte dei helst om natta. Fenomenet fekk namnet trekkuro (Zugunruhe) og vart dokumentert med stor presisjon av austerrikske og tyske åtferdsforskarar på 1980- og 1990-talet. Det at fuglar som aldri hadde levd i det fri, kunne bli så urolege, skjelve, flakse og til slutt flyge med bremsene på, tydde på at tildrivet til å trekkje hadde feste i dei sjølve. Og det at dette i stor grad skjedde om nettene, bidrog til å avdekkje at trekket hjå songfuglar var ei stor nattleg hending.

Det går ei usynleg line i nord–sør-retning gjennom Sentral-Europa. Ho deler munkane i to bestandar: Dei som hekkar på vestsida av henne, trekkjer sørvestover, medan dei som hekkar på austsida, ferdast søraustover. Tek ein ein vaksen fugl av kvart kjønn frå kvar side og får dei til å pare seg i fangenskap, vil avkommet syne tydelege teikn på at dei vil trekkje i ei retning som ligg mellom kursane foreldra følgjer.

Nokre av bestandane i Sør-Europa, i Nord-Afrika og på øyer i Atlanterhavet er stadbundne, medan bestandane som hekkar på store delar av kontinentet, på dei britiske øyane og i Norden, trekkjer. Dei fleste mot sørlegare strok, men sidan 1960-talet har munkar i aukande grad blitt sette på Dei britiske øyene om vinteren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement