Kunnskap

Vintersår

Vintersår med Moritella viscosa startar i huda, men kan bli til djupe kjøtsår.
Vintersår med Moritella viscosa startar i huda, men kan bli til djupe kjøtsår.
Publisert

I havet nærmar det seg no den kaldaste tida på året. Temperaturane i sjøen er som regel lågast i februar og byrjinga av mars. Dette er ein naturleg syklus, men for laksen er det ikkje like naturleg å vere stengd inne i merdar langs kysten. Fiskar som er stressa, har eit svekt immunforsvar, og kombinasjonen av skadar ved handtering, kaldt vatn og aggressive bakteriar fører til infeksjonar og sår.

Ubalanse

Huda til ein laks er tjukk og robust, med karakteristiske skjel som dekkjer størsteparten av kroppen, med unnatak av hovudet og finnane. I huda ligg det tett i tett med celler som skil ut eit slim som dekkjer heile overflata til fisken. Slimet gjer huda glatt, det nøytraliserer og vaskar vekk smittestoff, og det gjev på den måten vern mot skadar og infeksjonar. Eit sunt slimlag gjer òg at sår gror raskare.

Sjøvatnet kan vi sjå på som ei biologisk suppe med alle slags mikroorganismar, dei fleste driv med sitt utan interesse for å gje sjukdom hos fisk eller folk. Enkelte bakteriar er med i det vi kallar normalfloraen, eller mikrobiomet til fisken. Andre veks best når dei kan slå seg lause «ulovleg» inne i ein vertsorganisme, og slikt vert det sjukdom av.

Hos ein frisk fisk i eit naturleg miljø er det ein god balanse mellom fisk, miljø og mikroorganismar. I eit oppdrettsanlegg, anten det er på land eller ute i sjøen, finn vi ikkje denne balansen. Fiskane står tett saman i kar eller merdar der ein kan få rask oppvekst av potensielle sjukdomsbakteriar, og fiskane kan bli stressa eller skadd av handtering eller andre negative faktorar i miljøet. Smolt som kjem frå ferskvatn til sjøvatn, har til dømes ei tilvenningstid på fleire veker etter utsetting, der det er vist at heile immunforsvaret er svekt, samstundes som huda og slimlaget er tynnare og meir utsett for skadar.

Historisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement