Kunnskap
Vondt i ryggen
Smertene festar grepet i nedre del av ryggen, i verste fall med isjias, som det heiter når smertene jagar nedover i beinet.
Illustrasjonar via WikimedIa Commons
Dei fleste har kjent det på kroppen ein eller fleire gonger. At ryggsøyla – som før berre var der, bøyeleg, tøyeleg, ledig og helst rak – med eitt blir gjord om til ei jarnklo av smerter berre me rører litt på oss. Smertene festar grepet i nedre del av ryggen, i verste fall med isjias, som det heiter når smertene jagar nedover i beinet.
Me går ikring med eit lidande uttrykk, skakke, skeive og stive i ryggen, og lurer på kor lenge dette skal vara. Eller me legg oss nedpå og har vanskar med å koma opp att, heilt til me finn ut at det går an å rulla over på magen og gå baklengs inn i kvardagen.
Krossryggen
Den nedre delen av ryggen, krossryggen, har fem solide virvlar med støytputer mellom, stabiliserande sideledd, leddband og muskelsøyler, i tillegg til små støttemusklar på kryss og tvers. Rørsleutslaga kan vera store, serleg hjå slangemenneske, og vektbelastninga kan bli stor.
Overstrekking av musklar eller ledd, om lag som når me vrikkar ein ankel, er vanlegaste årsak når ryggen blir vond. Krossryggen, også kalla veikryggen, kan bli eit svakt punkt dersom det stillesitjande livet tek overhand, eller dersom belastningane skulle bli for store.
Beste behandlinga
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.