Reportasje
Vêret og tida
SCALLOWAY: På dei avsides øyane er folk like opptekne av vêret som me på det siviliserte fastlandet er av tida.
Teikning: Mirjam Clement
Shetland ligg så avsides at ein reint kan gløyma både tida og samtida, men vêret slepp ein ikkje unna. Det var berre kvart fullt, flyet som tok meg til Shetland. I dagane før avreise oppmoda flyselskapet meg og andre passasjerar om å reisa ein annan dag. I tekstmeldinga frå Logan Air heitte det: «Endrar du avreisedag, tek me alle kostnadar.»
Stormen Eunice var meld. Men for meg var tida viktigare enn vêret. Å skyva på Shetland-opphaldet ville forplanta seg og få dei kvite sidene i den sjuande sansen til å falla som dominobrikker.
Flyferda tek 40 minutt til Sumburgh, lufthamna heilt ytst på sørspissen av øyriket. Korleis kom ein seg til Shetland før lufthamna opna i 1936? Kva om det ikkje var eit propellfly, men eit langskip eller ei fiskeskøyte som skulle føra meg rakt gjennom stormen?
Før avgang drakk ein kaffi og såg på fjernsyn. Der melde dei at Eunice nærma seg kysten med fare for liv og helse, og at russarane nærma seg Ukraina.
Eurasia
Korkje Eunice eller Putin slo til. Styrkane heldt seg i ro, og stormen trefte land lenger sør. Det minte meg om å vera i ein filippinsk landsby og ikkje vita om tyfonen vil gå sør eller nord for landsbyen eller rakt på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.