Reportasje
Ystekrise på stølen
Etter fleire år med mislukka resultat må eg få til osten att. Eg fekk audiens hjå verdsmeisteren.
Symra og Vårsøg på veg inn til mjølking. 20 liter ystemjølk vart det denne gongen.Symra og Vårsøg på veg inn til mjølking. 20 liter ystemjølk vart det denne gongen.
Alle foto: Svein GjerdåkerAlle foto: Svein Gjerdåker
Det er sein kveld, og dei to kalvane står med ryggen til vêrs og sturer. Det er kaldt, og det ausregnar. Ifylgje Yr skal regnet halda fram til godt utpå morgonen. Kalvane klarer seg nok, men eg får medynk med dei og går ut for å lokka dei inn i fjøset.
Men dei vil ikkje, så det endar med at eg lagar eit kråkeslott av eit skjul av eit par hesjestaurar, ein pall, nokre bordplankar og ein presenning. Eg legg nokre nevar kraftfôr i to små krybber som eg set under skjulet. Dei takkar, går inn og legg seg etter kvart. Eg vrengjer av meg dei våte kleda og søv med godt samvit.
Stølssesongen er i gang. Den niande i rekkja. Kyrne, kalvane, geitene og grisene er på plass. Mjølkemaskina er overhala, mjølketanken vaska og solcellepanela monterte. Vasslangen er dregen opp att i lia for å få nok fall og trykk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.