Hundedagar – ei lita innføring ein ikkje altfor varm sommardag

Hundedagar.
Hundedagar.
Publisert

I skrivande stund er vi alt ei veke inne i hundedagane, som ifølgje vanleg oppfatning varer frå 23. juli til 23. august. Det er ein månad då det aukar sterkt på med fluger og med talet på maneter i fjordane. Det er også vanleg oppfatning at slik vêret er den første dagen i hundedagane, slik vil det vere ein månad framover. Så korleis var det i år? Vi gjekk inn i hundedagane med strålande solskin og ekte sommarvarme. Så dette verka lovande, tenkte vi. Og alt dagen etter hølja det ned. Så mykje for gamle vêrteikn.

Eg har lese meg til at hundedagane oppstod i det gamle Egypt. Namnet kjem frå Canicula, også kalla Hundestjerna. Og som vi i dag helst kallar for Sirius, ei av dei klåraste stjernene på himmelen. Egyptarane hadde merka seg at Sirius tok til å vise seg på himmelen samtidig med at Nilen tok til å stige. Og dei tenkte at viss ikkje dette er eit teikn på noko, så er ingenting det.

Men eg ser på dette som eit passande høve til å skrive litt om hundar, desse små beista som tar det meste av plassen i husa dei bur i. Og eg er klar over at eg med dette kjem til å både fornærme og krenke nokre millionar hundeeigarar i dette landet. Ja, eg risikerer å bli hundeelskarane sitt svar på J.K. Rowling.

Og det første spørsmålet er då: Kva er poenget med ein hund? Eg forstår det jo dersom hunden er utdanna til vakt- eller jakthund, men som reint kosedyr? Det hender jo at ein og annan hundeeigar tar turen innom hos meg og har (sjølvsagt) hunden med seg. Og det slår aldri feil: Hunden skal ha all merksemd. Det blir ikkje berre forventa at ein skal klappe han og stadig kommentere (helst på babyspråk) kor søt han er. Når han i røynda er heilt ordinær. Ein hund blant ein million andre. Og når samtalen har begynt å dreie seg om litt andre og vesentlegare ting, dukkar hunden etter svært kort tid opp igjen. Og så får han plutseleg trong til å gå tur og selskapet må bryte opp.

Ja, hundeelskarar er ein eigen rase, og det er som kjent vanvitig mange av dei. Eit skrekkeksempel er då nokre hundre tusen sinnsforstyrra Stavanger-folk gjekk i fakkeltog for nokre år sidan for å demonstrere mot at ein skikkeleg jævel av ein hund skulle avlivast.

No vel, for å nyansere ørlite grann: Eg har møtt hundar i mitt liv som eg motvillig har måtta vedgå verka sympatiske, og som det kosta meg lite å klappe. Utan at eg dermed kjende noko sterkt ønske om å ha dei i huset.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement