¿ Takk, ass
Mange russedudes og -babes skulle på sin første musikkfestival i år, og ja, vi er skuffa. Derfor har eg laga ein festival til oss. Vi står kanskje ikkje ein meter frå kvarandre, men vi prøver. (Bildet er tatt frå scena, så vi ser dessverre ikkje bandet: Satyrlegon.)
Lytt til artikkelen:
Her ein dag var eg ute i verda. Eg stod opp tidleg og baksa meg av garde, iført maskara og byklede, til ein arbeidsplass i sentrum av hovudstaden, der eg, saman med nokre få uunnverlege medarbeidarar, gjorde livsviktig arbeid frå 08.00 til 23.00 – vi var for få, arbeidskapasiteten var redusert i utanforliggande ledd vi ikkje rår over, enkelte hadde ikkje levert, som dei seier så kult, og sjefen stod over oss, på god avstand, med ein pisk forma som ein kaffikopp som han kunne dundre i skallen på oss kva tid som helst.
Etter at vi hadde prøvd å kvele kvarandre mentalt i nokre timar, gjekk eg ut for å kjøpe noko næringsrik mat – sjokolade, bollar og heilmjølk – og eit kryssordflakslodd. (Eg treng 500.000 kroner.) Eg såg ein del menneske og tok T-bana eit stopp, utan å betale, berre for å kjenne dei små hjula gå rundt i lukta av undergang, trasse sjefen og kjøpe ti par sokkar på eit kjøpesenter.
Då eg gjekk frå jobb, derimot, etter dagens dont, var byen tom og stille. Eg møtte to rotter som eg veksla nokre ord med, elles var det så lydfritt at eg måtte skråle litt for meg sjølv. I alle fall trudde eg at eg skråla for meg sjølv, til eg høyrde at skrålet kom frå ei gate eg måtte krysse – Karl Johan. At tullingar ber seg der, er vanlegvis typisk, men no blei eg litt redd. Skreik dei i smerte? Hadde det vore ei ulykke? Var det ein valdeleg demonstrasjon på gang? Var det B-gjengen? Ville dei rane meg og ta flaksloddet mitt?
Lo dei? Var dei sinnssjuke?
Tenk om det var zombiar?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.