Under Kundera

Publisert

Tysdag 11. juli døydde Milan Kundera. Han vart 94 år, og om det finst folk som trudde at boka Udødeligheten var ein sjølvbiografi, veit dei betre no. Her i bokstova vil me i dag hylle Kundera med å plukke ei høne med Svenska Akademien. Milan var nemleg nominert til Nobelprisen i litteratur ei lang rekke gonger, men i motsetnad til boklækjaren, meinte svenskane at han ikkje stod fremst i fyrste rekke da dei skulle dele ut prisen. Kan hende var det Nobelprisen til den tsjekkiske lyrikaren Jaroslav Seifert i 1984 som stod i vegen for virtuosen Kundera?

Sidan eg ikkje er her for å snakke ned litteratur, eg er her for å snakke han opp, vil eg ikkje nemne namn, men for meg finst det fleire forfattarar blant dei som har fått prisen, som har eit litterært toppnivå som ligg langt under Kunderas når han skriv på sitt beste. No er det uansett for seint.

Løysingsforfattaren denne gongen set eg like høgt som Milan Kundera. Atle Næss skriv: «Eg les Klok på bok kvar veke, men berre for å slå fast at eg heller ikkje denne veka kjenner att bok eller forfattar (og eg har ikkje energi nok til å leite opp nobelprisvinnarar og slikt). Eg les også svara, og ein gong imellom må eg diverre vedgå at den boka har eg faktisk lese ... men gløymt att som så mykje anna. Det er med stor respekt eg ser korleis andre finn fram til rett svar, veke etter veke. Men denne veka kunne eg for ein hende gongs skuld kjenne att ei bok; berre gå bort i hylla og slå opp på side 182. Rett nok var det ikkje José Saramagos særmerkte stil som sette meg på rett spor, men episoden der elefantpassaren Subhro får nytt namn av erkehertug Maximilian av Austerrike – ’Fritz’. Episoden er heller vond, sidan han syner korleis dei store og mektige kan gjere som dei vil med sine underordna, heilt ned til sjølve identiteten deira, og han gjer inntrykk på lesaren.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Jau, no fekk eg ei morosam og fengslande bok å lese, meir og meir etter kvart. Det tok tid å venje seg til språklege særkjenne som lange periodar og særnamn skrivne med liten førebokstav. Historia står skissert på baksida: Det er om ferda som elefanten Salomo og ’kusken’ Subhro med stort følgje gjer frå Portugal til Austerrike. Boka heiter da òg Elefantens reise, originalt A Viagem do elefante. Forfattaren er José Saramago, fødd i Portugal i 1922, det året spanske Jacinto Benavente vann Nobelprisen i litteratur, og død i 2010, det året Klok-boka kom i norsk omsetjing av Kjell Risvik. Korkje elefant eller dyrepassar fekk ha namna sine da dei kom til Austerrike. Erkehertugen byd at Salomo skal skifte namn til Suleiman, og Subhro skal heretter heite Fritz. (Alt med små førebokstavar.) Og så eg som hadde rokke å bli så glad i dei originale namna! Men dette radarparet får lov til å vere saman også i Austerrike og vinn mange hjarto der for lynnet sitt. – Uløyst gåte for meg: Subhro blir i boka ofte kalla kornak(en); det er eit ord eg ikkje finn i norske ordbøker eller leksikon eller på nettet (utan i omtale av boka).»

Boklækjaren fann løysinga på kva kornak er for eit ord i Meyers Fremmedordbog. Der kjem det fram at ordet opphavleg er frå det gammalindiske litteraturspråket sanskrit, og at tydinga er elefantførar. Så fekk me det på plass, og då kan me sjå på kven som fann fram til rett svar på oppgåve 1586. Det var: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Per Skjæveland, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Nils Farstad, Fritjof Lampe, Laurits Killingbergtrø, Ragnhild Eggen, Gunder Runde, Eli Hegna, John Dag Hutchison, Inge Strand, Jorunn Røyset, Per Trygve Karstensen, Bjørn Myrvang, Reidar Birkeland, Inger Anne Hammervoll, Audun Gjengedal, Ragna Barkve, Folke Kjelleberg, Robert Øfsti, Erik Aamlid, Olav Holten, Inger Margrethe Berge, Marta Kløve Juuhl, Nina Korbu, Vigdis Hegna Myrvang, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Kjell Helge Moe, Jorunn Øxnevad Lie, Turid Tirevold, Jan Alfred Sørensen, Eirik Holten, Else Gjesdahl Sørensen, Ingvar Engen, Sissel Gunnarshaug, Atle Næss og Ole G. Evensen. Fyrste bokvinnar etter ferien heter Ingebjørg Sogge. Gratulerer!

Klok på bok 1588

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement