– Ei regjering utan legitimitet
Midtaustenforskar Hilde Henriksen Waage seier at ei ny palestinsk regjering vil vere den beste av berre dårlege løysingar.
Palestinarane får ikkje velje si eiga regjering. På biletet leikar barn i landsbyen Hizmeh, nær Ramallah, ein februardag i 2010.
Foto: Tara Todras-Whitehill / AP
Statsminister Mohammad Shtayyeh, som har leia regjeringa til dei palestinske sjølvstyresmaktene, gjekk av denne veka. Grunngjevinga var utviklinga i krigen på Gazastripa og aukande vald på Vestbreidda. Det er venta at president Mahmoud Abbas vil utpeike Mohammed Mustafa, sjefen for Det palestinske investeringsfondet, til å danne ny regjering. Kva konsekvensar har det for krigen?
Vi kontakta Hilde Henriksen Waage, professor i historie ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Peace Research Institute Oslo (Prio). Ho har forska på tilhøvet mellom Israel og Palestina i ei årrekkje.
– Det første eg legg merke til, er at president Abbas ikkje går av, berre statsministeren. Vi har altså ein situasjon der ein gammal, svekt og ekstremt upopulær president er i ferd med å utpeike nye regjeringsmedlemmar. Det er ikkje bra.
– Kvifor ikkje?
– Det er uklokt, fordi konsekvensen er at dei palestinske sjølvstyresmaktene vil sitje igjen utan noka fungerande regjering på Vestbreidda. Her meiner eg det luktar av god, gammaldags posisjonering.
– Ifølgje nettavisa Asharq Al-Awsat skal regjeringa bestå av ekspertar og teknokratar. Associated Press skriv at danninga av ei slik regjering vert eit steg i retning av å få til ein fredsprosess. Kvifor er du kritisk?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.