Kor e alle pasifistar hen?
Linn Stalsberg meiner at Noreg er gjennomsyra av «krigisme».
Dag og Tid møtte Linn Stalsberg på bydelspuben Lun på Hasle i Oslo.
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Linn Stalsberg treffer blink på tidsånda når ho i månadsskiftet januar–februar 2024 gir ut boka Krig er forakt for liv. Et essay om fred. Eit stemningsskifte har sett seg, på godt og vondt. Få trur framleis på ein skikkeleg ukrainsk siger. Militærstønaden frå USA er ikkje lenger urokkeleg. Krigstrøyttleiken som Putin heile tida har gambla på, er her. Alt det grufulle som går føre seg i Gaza, har gitt ord som «fredsforhandlingar» og «våpenkvile» ny tyngd og glød.
Mot dette bakteppet nyttar Stalsberg høvet til å minne om at det finst ein lang og seriøs tradisjon for å sette seg imot alt militært, full av modige menneske som har ofra liv og lemmer for det dei trur på, og at denne tradisjonen fortener betre enn berre å bli assosiert med naivitet, bestemødrer og hippiar.
Men trassi dette viktige poenget: Noko vrir seg i meg når eg les boka og høyrer ho skildre eit Noreg som i byrjinga av Ukraina-krigen var gjennomsyra av det ho kallar «krigisme». I eit lanseringsintervju i Klassekampen seier ho attpåtil at det i kjølvatnet av invasjonen «oppstod nesten ein krigspsykose. Du kunne høyre fanfarane ved Gardermoen».
Det er mykje eg er usikker på om eg kjenner att i den røynda ho skildrar. Eller, eg er usikker på om eg kjenner att at fenomenet var så altoverskuggande som ho meiner at det er. Ho skriv til dømes at «uttrykket å vende det andre kinnet til brukes nesten alltid som en bebreidelse (…), det er å være feig, eller rett ut dum». Kvar tek ho denne påstanden frå? Eg har aldri høyrt uttrykket brukt som klander, berre som moralsk ideal. Ein annan plass skriv ho at vi gir tradisjonelt mannlege dydar som mot og styrke høgare status enn tradisjonelt kvinnelege dydar som omsorg og diplomati. Er det sant? I det moderne Noreg?
På den eine sida: Boka gjer noko viktig. Ho viser at det finst tunge pasifistiske tradisjonar som altfor enkelt blir avfeia som ute av stand til å ta inn over seg realitetar. Boka løftar fram grunnleggande moralske dilemma, sjølv om ho løyser få av dei. Og kanskje er ikkje mangelen på løysingar ein akilleshæl. For sant er det uansett at vi lever i ein stadig meir militarisert tidsalder, og at ein skuldar ungdomen å lære dei om dei tunge intellektuelle og aktivistiske tradisjonane som kan punktere einøygde påstandar om at vegen til fred berre kan gå via eit sterkt væpna forsvar — «realpolitikarens» versjon av våpen drep ikkje folk, folk drep folk. Som ei innføring i historia til pasifismen, kanskje med unge menneske som ideell målgruppe, er boka til kveik.
På den andre sida: Kunne det ikkje tenkast at den nye stemninga som ho skildrar, ikkje kom frå ei djup militarisering av sjela vår, men heller av at omstenda hadde endra seg? Det blei krig i Europa. Og det var ikkje opp til oss å meine noko om Ukraina skulle forsvare seg eller ikkje, eller i kva grad dei skulle det. Har ein inga alternativ løysing, ein visjon for kva anna ein kunne ha gjort enn å støtte dei som var under åtak, er vi ikkje då like langt, tilbake der vi starta?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.