– Misforstått integreringspolitikk
Sarah Gaulin meiner offentlege instansar har berøringsangst i møte med negativ sosial kontroll.
Foto: Ingar Sørensen
– I ein kronikk i Nettavisen 25. januar peiker du på problem når det offentlege skal hjelpe fleirkulturelle barn ut av familiære kontrollregime. Du skriv til dømes at det er urovekkjande kor lite barnevernet gjorde for ei jente som vart utsett for grov omsorgssvikt, at kulturen og trua til familien gjekk føre rettane hennar. Det er ein sterk påstand?
– Eg har alt fått reaksjonar på utspelet, som venta. Eg ønskte å kaste lys over ei anna side ved temaet æresrelatert sosial kontroll. Nemleg nokre konkrete utslag av ein misforstått integreringspolitikk som i verste fall forverrar situasjonen for dei det gjeld.
– Misforstått integreringspolitikk, kvifor det og korleis?
– Ja. Eg ser ein klar tendens til at det offentlege, til dømes barnevernet, Nav og helsevesenet, er så redde for å krenkje innvandrarar at dei ikkje evnar å gje den hjelpa som desse barna treng, og som dei har krav på etter lova. Til dømes ei sak der ein gut var i ferd med å verte tvangsgifta. Han gjekk til Nav-tiltaket Ungbo, som hjelper unge med å få eigen bustad, for å kome seg vekk frå familien. Der fekk han til svar at han måtte løyse usemja med familien. Dette var under pandemien, og mange andre tiltak var stengde. Guten vart overlaten til seg sjølv og kontrollregimet til familien. Då samfunnet opna att og direktoratet fekk høyre om saka, vart guten plassert i beredskapsheim straks. Dette syner at førstelineetaten ikkje hadde nok kompetanse, noko som fekk alvorlege konsekvensar for guten.
– Dette kan jo og vere eit einskildutslag, kombinert med spesielle tilhøve under pandemien. Meiner du det er representativt for måten det offentlege arbeider på, eventuelt kvifor?
–Eg byggjer det på røynsle frå jobben min i LIM. Vi får ofte telefonar frå andre kommunar, både kring Oslo, på Vestlandet og i Trøndelag, der skuletilsette fortel at det ikkje vert oppretta sak frå barnevernet trass i at fleire instansar er uroa for barnet. Eg har sett fleire døme på det, seinast med jenta «Nora» frå Brennpunkt-dokumentaren på NRK. Der kjem det fram at barnevernet sit på dokumentasjon som gjev indikasjonar på omsorgssvikt og psykisk og fysisk mishandling, utan at barnevernet gjekk vidare med det. Det er tragisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.