Jesper Hommefoss Johnsen

Jesper Hommefoss Johnsen er frilansjournalist for DAG OG TID og skriv om samfunnsspørsmål og politikk – med Tyskland og Europa som spesialområde. Har du tips eller framlegg til gode tema, kan du gjerne sende dei til jesper@dagogtid.no.

Hommefoss Johnsen er frå Børsa i Trøndelag og bur for tida i Frankfurt am Main medan han tar ein mastergrad i politisk teori. Utanom eit opphald i bladstova og ved Nynorsk avissenter i Førde har han budd dei siste seks åra i Tyskland. Tidlegare har Jesper studert statsvitskap ved universitet i Marburg og vore praktikant ved den norske ambassaden i Berlin.

jesper@dagogtid.no