Drit òg
Her står ho, måkemor, og ser meg rett inn i auga og lurer på om ho skal drite på skolten eller PC-en min.
Vi som arbeider heimanfrå, har kanskje lettare for å trekke ut når sommaren ropar, enn dei som har ein sjef på ryggen. Sjølv står eg ofte på takterrassen, med PC-en på lokket på ei slags putekasse i brysthøgd, og jobbar.
Jobbar og jobbar. Ein blir forstyrra når ein bur i eit sameige der det yrer av folk som kjem og går og har feriebesøk – eg skodar ned på minst ti familiar frå toppen av funkisrekkehuset mitt, som ligg øvst i ei rekke med trappehusvære, med fire andre rekker tett på, pluss hundar, kattar og fuglar av alle slag, ja, til og med høner, og naskande rådyr og lumske piggsvin.
I går, for eksempel, blei det gjort lite. Eg måtte smørje meg – eg stod i bikini – og lage iskaffi og jage avkom ned på stranda og sånt, og ein nabo som driv og matar måkene ved å kaste mat ut kjøkkenvindauget, upopulært nok, gjorde nettopp det, og det blei eit leven, som vanleg: Måkene hyler og slåst, før dei et det dei grabbar til seg, på tak og terrassar der dei òg går på do, og kråkene og skjerene og småfuglane vågar seg fram og siklar.
– At han ikkje kan slutte å mate dei, ropte ein nabo frå terrassen vis-à-vis min.
– Ja, dei drit oss ned, ropte eg.
– Jobbar du? Du vil ikkje komme hit og ta eit glas kvitvin? ropte ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.