Ein teori
Dette er ei av mange strender vi kan flokke til i sommar, vi som liker heit sild i tønne. På bildet kan du sjå at 93 personar sjekkar eller blir sjekka opp.
Foto: Fred Ernst / AP / NTB
Mange spør seg korfor det kule, dyre skandinaviske ryggsekkmerket Douchebags har fått nytt namn, nemleg Db og berre Db. Saka er at produktutviklarane, som lanserte ryggsekken i 2012, plutseleg skjønte kva ordet douchebag betyr. Dei visste at ordet er engelsk for dritsekk, men tenkte ikkje på at douchebag først og fremst betyr «utskyljingsapparat til bruk i vagina, særleg brukt som prevensjon», som det står i ordboka. Samtidig ligg det litt av kvart mellom linjene i det enkelte av kjedene som sel Db, skriv på nettsida si:
«Douchebags kombinerer en urban og aktiv livsstil for å utfordre den tradisjonelle tilnærmingen til bagasjen. Deres misjon er å gjøre reiser enda bedre med smart og funksjonelt reiseutstyr. Douchebags vil at folk skal kunne reise og ha med seg akkurat det de selv ønsker og trenger. De utvikler reiseutstyr for de lange reisene, så vel som de korte – for de lidenskapelige menneskene som reiser verden rundt på jakt etter eventyr.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.