Frå innsida

Infisert vodka

Høyrde du eit frykteleg skrik sist tysdag, var det berre eg som såg eit monster – trudde eg. Ved nærare augesyn såg eg jo at det berre var ei stridsvogn eg såg.
Høyrde du eit frykteleg skrik sist tysdag, var det berre eg som såg eit monster – trudde eg. Ved nærare augesyn såg eg jo at det berre var ei stridsvogn eg såg.
Publisert

No har eg altså fått så dårleg syn at då eg var på ein russisk-ukrainsk pub – du kan godt seie at eg var på eit slags julebord; frå taket hang det tusenvis av Wunderbaum-juletre – her ein kveld, levde eg heilt til neste morgon i trua på at eg drakk infisert vodka. Det var det som stod på menyen på veggen bak i baren, trudde eg. Surkålinfisert vodka, peparrot- og sitroninfisert vodka, kokosinfisert vodka, rosmarininfisert vodka, ingefærinfisert vodka, bananinfisert vodka og karveinfisert vodka. Hugsar eg ikkje feil, hadde dei granbarinfisert vodka òg.

Eg kjende meg litt uggen dagen etter og lurte på kva eg var infisert av.

No veit eg betre. Infused vodka, kallar dei det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement