Frå innsida

Mai, ei oppsummering (!)

Publisert Sist oppdatert

I skrivande stund er det framleis april, ein månad eg ikkje har valt meg, og du vil kanskje dermed hevde at det er ein smule bråkjekt å oppsummere månaden mai såpass tidleg, men når du les dette er iallfall mai rett rundt hjørnet, og det er på høg tid med ei oppsummering av månaden. Mai er ein såpass føreseieleg månad at det ikkje skal by på problem i det heile. Så:

1.mai gjekk eg som vanleg i tog, saman med ein gjeng Sogndal-supporterar, saftkokarar av dimensjonar, under parolen ”Stao no pao!” Krava våre var meir pengar til spelarkjøp og at spelarane generelt sett må skjerpe seg.

Frigjeringsdagen fall i år på 8. mai, og då var det igjen tid for å gå i tog. Frigjeringstoget. Parolen denne gongen var opphavleg ”Aldri meir 8. mai”, men dette blei streka over og erstatta med ”Aldri meir 9. april”, etter ein del diskusjon.

9. mai hadde søster mi fødselsdag, og sterke krefter innan familien meinte på høgrøysta vis, at dette måtte markerast med eit tog. Eg kan med ei viss stoltheit fortelje at eg representerte motkreftene her, såpass sterkt at toget aldri kom ut frå stasjonen. Og det verka som søster mi var glad til.

17. mai går eg av prinsipp aldri i tog, av respekt for onkelen min, han Rasmus, som blei slått ned med kaldt blod i eit 17. mai-tog ein gong på 1950-talet og aldri kom heilt til hektene att. (Kanskje verd å nemne at bergensarane insisterer på at dei arrangerte det første 17. mai-toget, i juni 1814, eit spontant opptog, som dei kallar det, der dei for første gong framførte den lystige songen Madam Felle.) Det gledelege i år var at eg ikkje var kalla til å halde nokon 17. mai-tale, i rak motsetning til for nokre år sidan, då eg heldt ein opprivande 17.mai-tale i ei av dei mange heimbygdene mine, utan å bli kjeppjaga frå bygda. I år nøyde eg meg med å vere heime og konsentrere meg om det 17. mai eigentleg handlar om, sitje i ein god stol og drikke brennevin. Eg var spent på om den gamle naboen min, Jens Stoltenberg, ville gjere comeback som leiar av det lokale 17. mai-toget, men han var ikkje å sjå. No var det berre vanleg slaur i spissen for toget. Og er du vanleg slaur, så hjelper det ikkje mykje med flagrande 17. mai-sløyfer .

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement