Målet med fotballFor eit par veker såg eg og kidsa mine Vålerenga slå Lillestrøm 1–0 i ein nervepirrande kamp. (Målet kom i 95. minutt.) Det var ungane som ville sjå kampen; eg blei motvillig med. Eg ville helst brukt pengane på ein ny kjole. Men så er det

Peter Godly Michael og Ernest Agyiri, som har lært seg ein smule norsk og kanskje skjøner kva dei stygge orda i patriotsongane betyr, har fine signaturar i tillegg til lår. Og armar.
Peter Godly Michael og Ernest Agyiri, som har lært seg ein smule norsk og kanskje skjøner kva dei stygge orda i patriotsongane betyr, har fine signaturar i tillegg til lår. Og armar.
Publisert

For eit par veker såg eg og kidsa mine Vålerenga slå Lillestrøm 1–0 i ein nervepirrande kamp. (Målet kom i 95. minutt.) Det var ungane som ville sjå kampen; eg blei motvillig med. Eg ville helst brukt pengane på ein ny kjole. Men så er det bra at ungane vil ut og stå og heie framfor å sitte og glo inn i skjermar. Og når ein først står der, blant Klanen, på Intility Arena, med bluss og røyk og songar så grove at Dag og Tid ikkje vil ta i dei med eldmus, blir ein jo gira.

– Drep dei, Vål’enga, drep dei, gaula eg, og «hatar, hatar, hatar kanari».

Ungane var heller fåmælte. Dei song ikkje med på «Jeg rusla rundt i Oslo by, det var så mange bønder at jeg f’#* måtte spy. Akerselva, stinker som f’#*…» (Resten av verset er så grovt at eg risikerer redaksjonelt pryl om eg skriv det.) Og dei berre mumla til «Vålerenga kjerke», sjølv om dei kan alle versa ordrett etter indoktrinering. Det såg nesten ut som om dei kjeda seg, og dei klaga over at dei blei slitne i beina. Heldigvis jubla dei litt då målet endeleg kom og folk gjekk amok. Ein medpatriot kasta seg over minstemann – han valde ein på 1.30 framfor meg – og klemde han halvt i hel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement