Frå innsida

Norske matskattar nr. 83: tomatar frå Rogaland

Publisert Sist oppdatert

Tomat er noko Innside-lesaren tenker kjem frå varmare land enn vårt eige.

Men det er ein ekte norsk matskatt. Ikkje ein gamal ein, men tomaten har fortent ein plass i matspalta vår.

I gamle dagar var ikkje utvalet av tomatar stort i butikkane. Det var stort sett berre éin type, ein rund, halvstor tomat på storleik med ein mandarin.

No er tomatutvalet eit heilt anna. Tomatar kjem i ulike storleikar og fasongar, andre fargar enn raudt og med ulike eigenskapar.

Dette kan me ikkje minst takke tomatdyrkarane i Rogaland for. Der har dei vorte flinke til å få fram artige nye variantar. Dessutan brukar drivhusa CO2-gass som me elles ynskjer å verta kvitt, men som tomatane treng for å veksa.

Lauvsnes Gartneri på Finnøy og Miljøgartneriet på Jæren er døme på tomatprodusentar som er fossilfrie. Lauvsnes tek CO2 frå lufta, Miljøgartneriet får CO2 frå naboverksemder. Begge bidreg til eit betre miljø og gjev oss saftige, gode tomatar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement