Frå innsida

Norske matskattar nr. 89: «mør med chips»

Publisert

Ein noko særprega matskatt opnar det nye året for Innsida si evige spalte. Denne gongen skal me til Ørsta og noko av ein lokal favoritt. Eigentleg heiter det morr, men sunnmøringane seier både mår og mør.

Alle sunnmøringar likar morrpølse, enten ho er fersk eller speka. Morr i fersk utgåve er ei grov pølse med svinekjøt og spekk, og han er eit viktig innslag i jola for mange sunnmøringar. Spekemorr kan gjerne ha både storfe og får i seg. Han vert ofte røykt.

Innsida var tradisjonen tru ein tur innom Ørsta før jol og den populære Landbrukskonferansen, som i tillegg til fagleg påfyll og inspirasjon inkluderer ein stor jolemiddag med lokalt pinnekjøt, morrpølse og eit rekordstort dessertbord.

Alt saman laga av elevane på restaurant- og matfag på Ørsta vidaregåande skule, rettleia i gode lokale mattradisjonar av lærar Trond Urkegjerde.

Denne samlinga er ein matskatt i seg sjølv, men Innsida skal denne gongen trekka fram den kulinariske hendinga kvelden før. Då var det oppvarming på Ørsta Camping, som har ein triveleg kafeteria der Vivian Ose Flø styrer. Ørsta Camping har ei soge som går attende til 1960-talet, og er fleire gonger uoffisielt kåra til Sunnmøres trivelegaste campingplass. Her får ein både rask mat og heile måltid.

Sju dagar i veka kjem trufaste morrentusiastar innom for eit raskt lokalt måltid, enten på veg til eller frå jobb.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement