Tre lykkebrevDå eg rydda i e-postboksen min her ein dag, fann eg tre e-brev som merkeleg nok hadde hamna i søppelkassa. Heldigvis opna eg dei. No er eg så hoppande glad at eg får lyst til å dele breva med heile verda, så ver så god.
Ein dollar om dagen er bra for magen.
Foto: Pat Roque / NTB scanpix
Då eg rydda i e-postboksen min her ein dag, fann eg tre e-brev som merkeleg nok hadde hamna i søppelkassa. Heldigvis opna eg dei. No er eg så hoppande glad at eg får lyst til å dele breva med heile verda, så ver så god.
NB. For ikkje å bryte enno skjøre vennskapsband, endrar eg etternamn og slikt noko, pluss at eg omset breva frå bokmål til norsk, for å unngå at nesten alle orda får raud strek. (Det er så ekkelt når teksten ser ut som om han blør.)
I alle fall er eg, som du snart skjøner, rik; eg har sagt opp alt av arbeid og bestilt heilårscruise.
Brev I – frå Lasse
Helsingar!!
Eg håper desse orda finn deg i god helse. Namnet mitt er Lasse Olsen, og eg er ein amerikansk hær som for tida jobbar i Afghanistan på ei fredsbevarande rørsle. Eg fann e-postkontakten din via norsk nettbasert nettplattform. Eg har eit godt og lønnsamt prosjekt som eg ønsker å ta med i Noreg, så eg har behov for nokon der borte som vil hjelpe meg. Vil du vite meir, ver venleg å skrive meg på den personlege e-postadressa mi: olsenlasse1@gmail.com.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.