Klok på bok
Vik vik ikkje
Det finst folk som står fast på standpunktet sitt, og som ikkje vil vike ein tomme, utan omsyn til kva resten av verda måtte meine, eller kva konsekvensar det kan få å vere ein stabukk. Å halde på sitt kan òg tvinge fram respekt frå ettertida. Eit døme kunne vere filosofen Sokrates som valde begeret med saft av giftkjeks i staden for å avstå frå dei prinsipielle verdiane sine. På motsett side av vegen, nokre vil seie i grøfta, finn me haldningane Knut Hamsun hadde under og etter den andre verdskrigen. Korkje Sokrates eller Store-Knut ville vel sagt seg einige i seiinga: Den vik som veit mest.
Heller ikkje Bjørg Turid Johansen var vidgjeten for å vere på vikande front. Før ho debuterte som forfattar, tok ho etternamnet til mannen sin, og vart såleis heitande Bjørg Vik. Med sitt sterke engasjement i kvinnerørsla på 1960- og 1970-talet var nok ikkje etternamnet heilt dekkjande for livshaldningane til ho Bjørg.
Også denne gongen leita Laurits Killingbergtrø fram løysinga. Han skriv: «Takk, Medikus, for ei ny oppgåve som ser spennande ut, utan at tekstklippet gav meg noka aha-kjensle. Men så er det oppgjeve ein god del tips, og dei førte meg i gang med å kryss-søkje på nettet, og da på mi kjære nettside Oria. Sjangeren i oppgåva er grei (novelle), utgjevingsåret like eins (1979), og fødselsåret må helst bli 1935 eller mellom 1940 og 1943. Desse tipsa kopla eg saman, til dømes ’noveller – 1979 – 1935’, og der hadde eg kjempeflaks. På akkurat denne kombinasjonen fekk eg nemleg som aller første tilslag ei bok der det var ei mengdnemning i tittelen: En håndfull lengsel av Bjørg Vik. Eg fekk sporenstreks stadfesta at det var rett bok, så den sit eg no med. Det var ein så kjend og prisa forfattar, altså! Kritikarprisen fekk Bjørg Vik såleis for den boka som er gåta i dag. Novellene der var lettlesne og fengslande, så sjølv eg, lesevegraren, vart nokså fengd. Men eg hasta vel litt ekstra fram til sida der sitatet skulle stå, og det vart i novella med tittelen ’Bære sin skjebne’. Medikus lovar at også svaret på tilleggsspørsmålet står i same novella, så der gjekk det ikkje berre å rålese. Vi blir kjende med ekteparet Frida og Arnold Hansen, og at dei har ’tre småpiker, Aina, Bitte og Ina’. Kronologisk nemnde, vonar eg, for seinare får vi opplyst om Frida at ’først mistet hun den mellomste datteren i en drukningsulykke’. Da får det bli stakkars Bitte som blir svaret.»
Åsmund Snøfugl skriv: «Så fekk eg lesa novella ’Bære sin skjebne’. Ei fin forteljing om livet i ein småby, om nokre av personane og relasjonane mellom dei som bur der. Eg vil lesa meir av Bjørg Vik.»
Magnhild Reisæter skriv: «Medikus Libri kan gjerne tilrå den velskrivne biografien sonen Lars Vik skreiv om mora: Bjørg Viks vei.»
Eiliv Olsen skriv: «Novella sitatet er henta frå, heiter ’Bære sin skjebne’. Det er ei fin novelle, som skildrar livet til denne familien utan å vera utflytande eller sentimental. Verknaden er desto sterkare.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.