Ein god sumar for campingDen utrulege sumaren har vore ein vinnar for alle som nytta han her til lands. Vêret har lokka ikkje berre nordmenn, men òg utanlandske reisande til å verkeleg nyta dette lange landet langt mot nord. Campinglivet har verkeleg hatt

Publisert

Den utrulege sumaren har vore ein vinnar for alle som nytta han her til lands. Vêret har lokka ikkje berre nordmenn, men òg utanlandske reisande til å verkeleg nyta dette lange landet langt mot nord. Campinglivet har verkeleg hatt gode vilkår.

Den ferieforma kjem i mange ulike variantar. Somme held seg til små hytter ein kan leiga for kortare eller lengre opphald, slik som til dømes på Espeland på Ulvikahøgda. Somme parkerer eigen campingbil saman med andre langs vatn, på fjell og ved fjorden. Somme har campingvogn, jamvel med hus og hage til. Medan teltlivet enno har sine tilhengarar. Innsida telta i sumar inne i Jotunheimen. Mange av oss likar å setta opp telt helst så langt frå folk som ein kan tenka seg. Inne ved Sendebottjednet var det heilt perfekt, nemleg ikkje ei sjel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement