Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå innsidaKlok_Innsida

🎧 Ikkje alt endrar seg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2833
20200918
2833
20200918

Lytt til artikkelen:

Ein skulle tru at det meste er i endring. Gode minne om snop og smågodt er berre minne om ei svunnen tid. Du hugsar kanskje dei små saftflaskene som var forma som ein koseleg liten bjørnunge? Dei forsvann vel då brusen kom på 1,5 liters plastflasker til femti kroner for fire?

Men nei då. Nokre held verkeleg fast på gode, tradisjonsrike produkt.

Familien Osberg frå Arnatveit lagar framleis SaftSuse. Det er ikkje alt av produksjon som er flytta til Kina eller Baltikum. Dersom du held ei flaske SaftSuse i handa, kan du vera trygg på at ho er laga her i landet. Bamsedrikken som òg kunne frysast til vassis kom på marknaden på sekstitalet. Gløgg lagar dei òg.

Ei heil lita reise i tid i ei lita bamseforma flaske frå Arnatveit.

Matskatt nr. 40: Flatbrød

Innsida rundar ein milepåle denne veka med vår matskatt nummer 40. Til no har me, i denne spalta som ikkje enno har fått ei krone i støtte frå Landbruks- og matdepartementet, vore innom: dravle, hakkasteik, kling, tørrfisk, bacalao, sardinar, øl, raud saft, honning, tilslørte bondepiker, graut, lefse, torsketunger, svele, kval, sider, reker, kakebord, lutefisk, hjort, rogn, skrei, sodd, kongekrabbe, fenadlår, sild, laks, sjøkreps, ost, fårikål, fiskebollar, prim, vossakurv, reinsdyr, Hapå, Kvæfjordkake, byggryn, mandelpotet, brunost og no altså flatbrød.

Flatbrødet er urbrødet vårt og har vore med oss heilt frå det fyrste bålet vart tent. Det er eit ugjæra brød, som kan steikast på ein stein, enkelt og greitt. Kva tid flatbrødet oppstod, veit me naturlegvis ikkje. Det er som med tørrfisken. Det går langt attende. Men frå mellomalderen veit me at det var dette som var brødet vårt, lenge før kneippen.

Frå 1900 vart flatbrødet framstilt i matvareindustrien, men det er framleis noko me set pris på å kjøpa rett frå bakstekjerringane. I dag er det heldigvis fleire og fleire som lagar og sel flatbrød lokalt. Korni på Barkåker, Rørosbakern og Jølster Bakst er nokre av dei større produsentane.

Flatbrødet har utvikla seg i mange ulike retningar i vår tidsrekning. På Austlandet har me ertebrød, i Sverige har dei tunnbrød, i Trøndelag har dei skjenning, som vert pensla med mjølk og sukker og servert saman med ingefærøl til sodd, Stabburet Bakeri på Voss har flatbrød laga av meisken frå Voss Fellesbryggeri (som forfattaren av denne artikkelen eig litt i) og Mosbøen krydrar flatbrødet med rosmarin og chili.

På Voss arrangerer òg Bondekvinnelaget flatbrødkurs titt og ofte.

Flatbrød er herleg og passar til så mykje. Det er lett å laga, men dei beste skil seg ut. Du treng ulike blandingar av ulike mjølsortar, kanskje gryn og godt vatn.

No på hausten passar flatbrød til varme supper, rakfisk, fårikål eller berre med godt smør på.

Innsida fekk flatbrød frå Rognli i Mosvik i sumar. Det var litt søtt og svært godt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis