Det er litt av kvart som kan seiast om året som no går mot slutten. Det er vel tvilsamt om 2024 skriv seg inn i historiebøkene med gullskrift. Men sjølv om mykje i verda har vore på vranga, har me nok alle saman hatt blide stunder også i år. Ofte er det lite som skal til for å snu ein mørk situasjon, her er eit døme, som sjølvsagt er skrive av Store-Knut: «En Fange sitter på sin Kærre og kører til Skafottet, en Spiker gnager ham i Sætet, han flytter sig og føler det mere behagelig.»
Her i bokstova er me straks i mål med julestria. Det vil seie at på portrettet av Hamsun heng nissehuva han er så glad i. No står det berre att å ynskje alle lesarane ei harmonisk høgtid og eit godt nytt år.
Før me avdukar årets kviss med Knut, skal me sjå på løysinga me skulle fram til denne veka. Gunder Runde skriv: «Ei nydeleg bok denne gongen (også), nemleg Per Pettersons roman Menn i min situasjon. Petterson vart fødd i 1952, då var det François Mauriac som fekk nobelprisen i litteratur. Han har levert ei perlerad av gode bøker, heilt frå debuten i 1987. Han har fått Nordisk råds litteraturpris, Kritikarprisen (2 gongar), Brageprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen, i tillegg til fleire internasjonale prisar (han er omsett til meir enn 50 språk). Han lar det gå eit par år mellom kvar ny bokutgjeving, vi skjønar at han ikkje leverer frå seg halvgodt arbeid! Dagens bok handlar om ekteparet Arvid Janson og kona Turid, og dei tre døtrene Vigdis, Tine og Tone. Ekteskapet går det ikkje så bra med – Turid tar med seg jentene og flyttar ut, og Arvid går nesten til grunne av same årsak, Dei to yngste døtrene får vi ikkje vite så mykje om, derimot står Vigdis sentralt i boka. Sjette del av boka (kapittel 29–30) er noko av det vakraste eg har lese. Eg ventar spent på neste bok av Petterson!»
Cathrine Tumanjan Mortensen skriv: «Romanen er meget god, etter lesning håper jeg fortsatt at Arvid skal få det godt i livet. Altså må Per Petterson skrive flere romaner.»
Cathrine Bore skriv: «Virkelig god bok av fantastisk forfatter i ukens oppgave.»
Desse klokingane meistra situasjonen og leita fram rett svar på oppgåve 1654: Eli Winjum, Ivar Amdal, Signar Myrvang, Paul Henrik Hage, Fritjof Lampe, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Eli Hegna, Reidar Birkeland, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Ragnhild Eggen, John Dag Hutchison, Per Trygve Karstensen, Cathrine Bore, Cathrine Tumanjan Mortensen, Inge Strand, Jan Erik Røed, Audun Gjengedal, Liv Sundheim, Kjell Helge Moe, Inger Merete, Kirsti og Grete, Folke Kjelleberg, Jorunn Røyset, Thana Rongen, Olav Holten, Nils Farstad, Marit Skytterholm, Inger Margrethe Berge, Eirik Holten, Arve Kjøstvedt, Gunder Runde, Gunnar Eide, Frode Torvund, Sigrun Gjengedal Ruud, Irene og Tore på Tranby, Sissel Gunnarshaug, Torleik Stegane, Nina Korbu, Olav B. Larsen, Magnhild Reisæter, Robert Øfsti og Ole G. Evensen. Siste bokvinnar i år vart Jorunn Røyset. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.