Jula 2017, ei forsøksvis oppsummeringDet snødde i heile jula, noko som sjølvsagt var til glede for barn i alle aldrar, og til mindre glede for naboen som måtte bruke mykje av juletida si på måking, før snøfresaren kunne setjast på stallen og julefreden kun
Andy Warhol-nissen.
Det snødde i heile jula, noko som sjølvsagt var til glede for barn i alle aldrar, og til mindre glede for naboen som måtte bruke mykje av juletida si på måking, før snøfresaren kunne setjast på stallen og julefreden kunne senke seg over store og små. Eg las som vanleg forteljinga «Mi barndoms jul i Wales» av Dylan Thomas (verdas beste juleforteljing, om eg ikkje skulle ha nemnt det før) på senga, saman med ein kopp julekaffi og ein feit julemarsipangris. Då eg var ferdig, ville kona mi gjerne at eg skulle lese forteljinga ein gong til, men eg svarte at tolmod er ei dyd og at ho fekk halde ut til neste jul. Forteljinga ligg no der.
Det som var litt uvanleg med denne jula, var at vi verken fekk vasslekkasje eller straumbrot, slik skikken så ofte er på julaftan. Dermed slapp vi både å setje ut bøtter og spann og å gå til nærmaste nabo for å få steikt pinnekjøtet og kokt rotmosen. Julelunsjen gjekk som vanleg av stabelen hos foreldra mine i Drammen, der far min serverte ei litt dryg historie som fekk fleire av oss til å trekke på smilebandet. Utpå kvelden utførte eg som vanleg mine tre nisseoppdrag og vende heim att med frosne øyre og tre akevittflasker av varierande, men god kvalitet. Det einaste problemet i år var at nissemaska var sporlaust forsvunnen, slik at eg måtte lansere eit nytt konsept: Andy Warhol-nissen! Eit konsept som såg ut til å falle i god jord. Til slutt tona julekvelden ut, og vi kunne begynne å tenkje på kor mange av julegåvene vi skulle gå i butikken og bytte så snart butikkane opna att.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.