Epleslang i Hardanger
Det er som ein Edens hage når ein kjem til tettstaden Ulvik i Hardanger. Ikkje minst når det er poesifestival, er det freistingar overalt i fruktbygda. No er det ikkje alt som høver seg på prent når boklækjaren er på tur, difor vert dette eit strengt redigert referat frå dei lyriske hendingane som gjekk føre seg på festivalen.
Som eg nemnde førre veka, byrja ferda mot Ulvikafjorden på Hallingskeid stasjon. Frå det eine punktet til det andre er det ei strekning på om lag 20 kilometer og ein høgdeskilnad på drygt 1100 meter. Det var folk i følgjet som sleit mot slutten, og sjølv om me absolutt tilrår turen, skal ikkje lesarane tru at dei siste kilometrane ned til Osa er som ein spasertur i parken. I så fall er det snakk om ein veldig spesiell park.
Frå programmet til poesifestivalen vil me sende ein ekstra stor takk til Øyvind Rimbereid for fabelaktig formidling og til Erlend O. Nødtvedt og bandet Erlend Apneseth Trio, som heldt ein herleg konsert laurdag kveld.
Takk også til arrangørane av poesifestivalen, til alle dei trivelege fastbuande me møtte i Ulvik, og til tilreisande festivaldeltakarar som var med på å gjere opplevinga uforgløymeleg.
Etter ei helg i lag med Olav H. Hauge lyt me gjere litt plass til hovudpersonen. Her kjem diktet «Ny duk»:
Ny gul duk på bordet./ Og nye kvite ark!/ Her må då ordi koma,/ her som er so fin duk/ og so fint papir!/ Isen la seg på fjorden,/ so kom fuglane og sette seg.
Så til løysinga på oppgåve 1495. Gunder Runde skriv: «Nyare lyrikk er nok det feltet innanfor litteraturen der eg har dei fleste og største hola. Difor har eg bruk for gode tips for å kome i mål. Denne gongen kunne eg ikkje støtte meg på nobelprisvinnarar i litteratur og liknande, men måtte finne andre metodar. At tittelen på diktet har med nær føreståande hendingar å gjere (valet? hausten?), hjelpte lite. Eg måtte i staden fundere på den klisjéliknande helsinga frå boklækjaren med ’lykke til’. Nina Lykke er norsk og romanforfattar, altså er det ikkje henne. Og det er avgrensa kor mange språk eg kan knyte dette ordet til. Starta med eitt av desse få: tysk. Og dermed: blink ved første forsøk: Louise Glück, rettnok amerikansk, men. Ho vart nobelprisvinnar i litteratur for 2020, og den boka som kom på norsk i 2021, var Vill iris, skriven i 1992. Dette er ei diktsamling med utgangspunkt i blomar, og der finn eg diktet «Skumring i september», der desse linjene står. Glück vart fødd i 1943 i New York, og debuterte allereie i 1968. Ho har fått ei rekkje prisar i heimlandet, mellom anna Pulitzerprisen, og dette toppa seg altså med Nobelprisen i fjor. Utsegna om salt i maten skal kanskje hinte til at det også følgjer ein god del pengar, i tillegg til heider og ære, med denne prisen. Omsetjar/gjendiktar er Ingvild Burkey, ei av desse trufaste slitarane med ordbok og kaffikopp på skrivebordet, og med innleveringsfrist hengande over hovudet. Fekk du nok til salt i maten, Ingvild? Altfor sjeldan vert det gitt honnør til omsetjarane, her kjem mitt bidrag! Takk og pris for at me har desse viktige personane til å gjere oss kjende med perlene i utanlandsk litteratur!»
Om det var lykka eller forstanden, skal me ikkje gjere oss kloke på, men desse fann fram til rett svar på oppgåve 1495: John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Winjum, Janneken Øverland, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Erlend Skjetne, Ragnhild Eggen, Odd Storsæter, Gunder Runde, Eirik Holten, Petter Kristensen, Aina Gamborg, Gunn Bull-Berg, Pål Amdal, Bjørn Ole Bjørnsen, Gunnar Bæra, Audun Gjengedal, Jorunn Øxnevad Lie, Mette Ulland Lund, Erik Aamlid, Inger Anne Hammervoll, Sissel Gunnarshaug, Signar Myrvang, Ingeborg Helvik, Tor Inge Tennfjord, Folke Kjelleberg, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Per Trygve Karstensen, Turid Tirevold, Ingebjørg Sogge, Sjur Joakim Fretheim, Fritjof Lampe, Laurits Killingbergtrø, Eli Hegna, Robert Øfsti, Torleik Stegane, Inger Margrethe Berge, Jorunn Røyset, Hans M. Gautefall og Ole G. Evensen. I dag heiter bokvinnaren Torleik Stegane. Gratulerer!
Klok på bok 1497
– Det er ein god tanke, men kunne ikkje ein komfortabel springmadrass gjera same nytten som ei likkiste?
– Likkista, sa Mary Jane, skal minna dei om deira endelykt.
Sitatet er frå s. 43 i boklækjarutgåva (2017). Denne gongen skal me fram til ei novelle som var med i ei samling som på originalspråket kom ut i 1914. Forfattaren døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 18. september.
Medikus Libri