Alle som skriv bøker, har vel ein eller annan gongen vorte refuserte. Her i bokstova har me sterk medkjensle med folk som får avslag. Det var jo ikkje slik det skulle vere.
Eit tilfeldig valt døme på det urettvise i ei avvising kunne vere då boklækjaren kom heim frå Frankrike førre veka. Etter ei lang og strevsam reise, ein ekskursjon med eit litterært og fagleg tungt innhald, bad eg audmjukt rekneskapsføraren i Dag og Tid om godtgjersle for utlegg til basale utgifter. Nok ein gong vart det smålåtne ynsket om refusjon refusert. Utan omsyn til kor varmt det var i vêret då eg var i Nice, fekk eg beskjed om at bar-rekningar ikkje vert betalte av vekeavisa.
Stod det til meg, skulle Inger Anne Hammervoll vore bokhaldar i bladstova. Ho skriv: «Eg håpar bokdokteren hadde eit meiningsfullt opphald i Nice. Å oppsøkje kyrkjegardar når ein er ute og fer, er interessant og opplysande på mange vis. Utmattande kan det også vere, med alle namn, titlar, tekst og pynt på gravsteinen. Det tar si tid å studere alt saman. Ta med deg rekneskapsføraren neste gong, så får han oppleve kor utsliten, tørst og svolten ein blir av å vandre rundt mellom alle gravminna.»
Så gjev me ordet til Laurits Killingbergtrø, som også denne gongen leita opp løysinga me skulle fram til. Han skriv: «Takk for ny gåte, Medikus! Denne gongen var Wikipedia svært hjelpsam, både med å finne finske prisvinnarar og forfattarfødslar på dei åra det skjedde. Da stoppa eg opp med Trude Marstein som ein av dei få aktuelle forfattarane. Wiki opplyste også at Marstein gav ut éi bok i 2000, og det var Plutselig høre noen åpne en dør. Dermed vart det ut og låne og heim og lese om åleinemora som attåt studiet har ei omsorgsfull gjerning med å passe dottera Sara. I boka blir tilhøvet mellom dei to skildra detaljert og kommentert. For oss som er pålagde å finne ein storebror, er det eit fyldig persongalleri som vi må leite i. Men etter kvart blir Petter den eg mistenkjer mest. Ja da, på side 171 seier Sara at ‘onkel Petter er her’, og på side 181 fortel mora at Petter ‘er to år eldre enn meg’. Du er innringa, Petter, forrådd av familien.»
Gunder Runde skriv: «Endeleg ei oppgåve der eg kan gå rett i bokhylla og finne løysinga utan problem, og utan å organisere utflukt til biblioteket. Svaret i dag er Plutselig høre noen åpne en dør av Trude Marstein, som er den første romanen hennar, og som etterlet seg ei udefinerbar uro, konsentrert kring hovudpersonen, som skal skrive ferdig hovudoppgåva si, og som heile tida irriterer seg over den fireårige dottera, som utan tvil er vanskjøtta. Ei sterk historie, som på mange måtar minner om Hanne Ørstaviks roman Kjærlighet. Dette må vel seiast å vere Trude Marsteins viktigaste bok, som ikkje er lett å gløyme. Trude Marstein er mykje brukt som omsettar, dessverre, må eg vel seie, for eg ser fram til hennar eigen produksjon som mykje viktigare.»
Utan å slå inn ei dør som nokon plutseleg hadde opna, fann desse dei rette svara på oppgåve 1627: Eli Winjum, Signar Myrvang, Ingerid Skarstein, Nils Farstad, Lise Haaland, Skeisebibliotekaren i LASK, Laurits Killingbergtrø, John Olav Johnsen, Ragnhild Eggen, Eli Hegna, Per Trygve Karstensen, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Ingebjørg Sogge, Fritjof Lampe, John Dag Hutchison, Jorunn Øxnevad Lie, Olav Holten, Erik Steineger, Inge Strand, Eirik Holten, Audun Gjengedal, Reidar Birkeland, Jan Alfred Sørensen, Inger Anne Hammervoll, Folke Kjelleberg, Marit Knappskog, Peter Larsen, Kjell Helge Moe, Inger Merete, Kirsti og Grete, Gunder Runde, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Eide, Inger Margrethe Berge, Ole Husby, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Marta Kløve Juuhl, Nina Korbu, Torleik Stegane, Sjur Joakim Fretheim, Robert Øfsti og Ole G. Evensen. Denne gongen var det Inger Merete, Kirsti og Grete som vart vinnarar av bokpremien. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.