Algoritmane ser deg
Eg vil ikkje sjå ein TV-serie eg veit eg likar. Overrask meg heller med noko eg ikkje visste eg ville lika.
Kevin Spacey i ei scene frå Netflix-serien «House Of Cards». Produksjonen er lagd på is etter skuldingar om at Kevin Spacey har trakassert unge gutar.
Foto: David Giesbrecht / Netflix / AP Photo / NTB scanpix
Medan eg ser på Netflix, ser Netflix på meg. Eg ser på seriar. Dei ser kva tid eg tek pausar, kor lenge eg vert vekke frå skjermen og om eg avsluttar episoden før han er ferdig. Dei veit kva eg ser på, kva eg ikkje ser på, kva eg ser om att, og kva eg berre ser 20 minuttar av og aldri ser igjen.
I det heile: Alt eg gjer på portalen, vert registeret. Informasjonen brukar dei til å laga ny TV skreddarsydd for brukarane.
Spådd suksess
I 2013, då Netflix satsa på House of Cards, hadde dei god grunn til å slå fast at serien ville verta ein suksess alt før han kom. Serien vart laga på grunnlag av data samla frå 33 millionar brukarar. Netflix visste at mange av dei såg seg gjennom heile repertoaret til regissør David Fincher, og alle filmar med hovudrolleinnehavar Kevin Spacey hadde gjort det godt på strøymetenesta. I tillegg var den britiske utgåva av serien populær.
Algoritmane, altså oppskrifta dei fylgde basert på data frå brukarane, spådde ein storsuksess. Same oppskrift har dei fylgt sidan. Berre i 2018 produserte Netflix meir enn 1500 timar med eige materiale. Det vil ta ein sjåar over fire timar dagleg året gjennom for å halde seg à jour.
Har ikkje ein sjanse
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.