Demokratiet som sin eigen verste fiende

Då Fahad Qureshi og Islam Net kunne skilte med innkjøp av Oslo Skytesenter og planar om aktivitetshus for ungdom på Stovner, til ein sum av nette 60 millionar kroner, var det ikkje få som sette kaffien i halsen.

Publisert

Dei aller færraste ønskjer at salafistisk bokstavtru islam skal rekruttere ungdom i Noreg gjennom tilbod om leksehjelp og bordtennis. Eit spørsmål som straks vart stilt, var korleis dette kunne stoggast. Kva kan vi stille opp med når vi har grunnlovsfesta rettar både til foreiningsfridom og religionsfridom og ingen kan prove at betalinga er skaffa fram ulovleg?

Medan Raymond Johansen varsla møte med justisministeren og Jon Helgheim i Frp tek saka til Stortinget, står andre, ikkje minst Lars Gule, fast på at ingenting kan gjerast. Gule veit betre enn dei fleste kva for ideologi Islam Net står for, og han skal ha ros for at han i ei årrekkje har freista å tale vett inn i islamistisk ungdom ved å stille opp i møte og debattar. Men eg meiner han trår heilt feil når han no seier vi berre må øve oss i toleranse og godta det vi ikkje liker. Noko anna vil vere islamofobi og diskriminering. (Dagbladet 16. mars)

Verdiar i skvis

Men så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Når politikarar over heile fjøla, frå Raudt til Frp, åtvarar mot etableringa av salafistisk islam, handlar det om meir enn motstand mot «noko dei ikkje liker». Det handlar om verdiar som kjem i skvis: religionsfridom, som Gule held fram som det viktigaste av alt, og verdien av integrering, som dei andre ser som avgjerande. Kva gjer vi når desse kjem i skvis?

For det fyrste lyt ein vere klar over kva Islam Net eigentleg er. I konkurransen om å heve dei mest naive røystene i denne saka vinn kristne som tykkjer det er fint at religion får breie seg, med seljaren av skytesenteret, Rune Borknes sjølv, på topp.

Men dei som har studert strategien til Islam Net, er derimot ikkje i tvil. Dette handlar ikkje om ei vanleg muslimsk gruppering, men om ei misjonerande salafistisk rørsle, der det å tilpasse seg omgjevnadene og målrette bodskapen sin er heilt sentralt. Og det er nett det Islam Net gjer. Skamlaust går dei inn i debatten og presenterer seg som eit tilbod vi treng. Dei les seg sjølv inn i vår kulturhistorie og samanliknar motstanden dei møter, med diskriminering av samar, som er eit urfolk, og kvenar og jødar, som har status som nasjonale minoritetar. Dei trykkjer sjølvsagt Lars Gule til sitt bryst når det passar dei slik, og når andre muslimar skuldar dei for å svartmåle det norske samfunnet, parerer dei med at det jo ville vere det same som å svartmåle seg sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement