Den brysame proporsjonaliteten
Tala på drepne i Gaza er skakande. Er israelsk krigføring på Gaza uproporsjonal? Kva seier folkeretten? Svara er avhengig av kva slags heimel Israel har for krigen.
Røyken stig 22. november etter endå eit israelsk åtak frå lufta mot Gaza i krigen mot Hamas.
Foto: Alexander Ermochenko / Reuters / NTB
Proporsjonalitet er eit nøkkelomgrep i folkerettens reglar for krig. Etter at Israel erklærte krig mot Hamas som svar på åtaket 7. oktober, har dei fleste eit syn på om «israelsk krigføring på Gaza er uproporsjonal». Men proporsjonalitet er ikkje ei øving som liknar ei vekt. Til dømes er det aldri slik at sivile tapstal på israelsk side skal vektast mot sivile tapstal på palestinsk side. Men kva er det då som skal balanserast?
Dei siste detaljerte tala frå styresmaktene i Gaza om drepne sivile er frå 10. november. Det var to veker inn i Israels bakkeoperasjon på Gaza og nær fem veker etter at omfattande israelske luftåtak mot Gaza tok til. Tapstala for to veker sidan var 11.078 drepne sivile palestinarar, inkludert 4506 born. Tala er skakande. Kan dette på noko som helst vis vere «proporsjonalt»?
Det er når sivile tapstal ikkje lenger er sikre, at krigen verkeleg er komen. Då rasar kampar i byruinar, fulle av lik av born, heile familiar, taxisjåførar, sjukepleiarar og statistikarar, og krigen sluker ofra sine. Som luftbombinga og bakkeinvasjonen av byen Mosul i Irak i 2016 og 2017. Etter massive bombeåtak frå vestlege statar, følgde urban krigføring med irakiske bakkestyrkar, kurdiske militære, sjiamilits og vestlege spesialstyrkar. Dei kjempa seg gjennom byen for å gjere ende på IS’ styre.
Kor mange sivile strauk med her? Tala er framleis usikre seks år seinare. Dei stadfesta tala er mellom 9000 og 11.000. Estimatet frå kurdisk etterretningsteneste, skal vere rundt 40.000 drepne sivile i ruinane etter krigen mot IS. Korleis stod det til med «proporsjonaliteten» der?
Og kva med krigen mellom Hizbollah og Israel i 2006, då Hizbollah gjekk til åtak på soldatar på israelsk jord, tok gislar attende til Libanon og lokka den israelske hæren i bakhald? Israel svara med å gå til krig mot Hizbollah, og la heile infrastrukturen i den sjiamuslimske bydelen Dahieh i Beirut i grus gjennom luftåtak.
Militærstrategen Gadi Eisenkot utvikla då ein doktrine som blir kalla «Dahieh-doktrinen». Den går ut på at Israel må nytte «uproporsjonal makt for å avskrekke framtidige åtak mot Israel». Eisenkot er ein av dei fem som sit i Israels krigskabinett under Gaza-krigen. Rår denne doktrinen over Israels Gaza-krig, og kan det vere lovleg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.