Den gamle mannen og Get-boksen

Rapport frå nedstiging til eit digitalt helvete der ein ikkje ser røynda utanfor skjermen.

Spaltisten vil ikkje sjå denne filmen, han vil ha breiband. Hugh Grant og Martine McCutcheon spelar hovudrollene i Love Actually.
Spaltisten vil ikkje sjå denne filmen, han vil ha breiband. Hugh Grant og Martine McCutcheon spelar hovudrollene i Love Actually.
Publisert Sist oppdatert

Førjulstida har vore stri. Éin dag var nettet nede og TV-en svart. Slikt skjer når det er kabelarbeid og oppgraderingar på gang. I vår digitale og mobile verd kan ein i heldige fall ty til dårlegare og dyrare naudløysingar slik at ein ikkje er heilt lamma. Så avhengige er me av å vera tilkopla.

Dagen etter var det like svart, så eg måtte til pers, ringa kundeservice og venta til platt musikk og meldingar om at eg rykte framover i køen.

Då eg fekk kontakt, tok kalamitetane til. Mannen i telefonen fann ut at det ikkje var noko gale med nettet, for på skjermen sin såg han at det ikkje var problem hos andre i strøket. Han slo fast at Get-boksen var daud og måtte bytast. Med Posten ville det ta mange dagar, men eg kunne få ein ny hos Elkjøp. Det ergra meg grovt at eg ville mista alt eg hadde lagra og sett fram til å sjå, og sjå om att, men eg innsåg at dette måtte eg bera.

DÅ EG HADDE plundra med misvisande bruksrettleiing og til slutt fått kopla alt opp att, kom det berre feilmeldingar, så det blei nye rundar med kundeservice. Dei kunne sjå på skjermane sine at eg det ikkje var min feil, slik eg frykta: Eg hadde kopla rett, men fått feil boks. Dei lova at det skulle gå bra likevel, berre systemet blei oppgradert. Det heldt me på med i fleire rundar over fleire dagar. Dei gav meg stadig nye instruksjonar; eg fekk digital angst og følte meg stadig dummare.

Dette er eit velkjent generasjonsfenomen, så eg fekk tilkalla yngre krefter. Ho har heller ikkje mellomteknikken, men er mindre hjelpelaus enn faren når det buttar mot, for gjennom digital osmose er datalogikken habitualisert. Men stadig var det like daudt og svart.

FOR Å GJERA denne klagesongen mykje kortare enn han har vore, går eg til nest siste vers. Etter ei veke dukka det opp ein fysisk montør. Han fann raskt ut at nokon hadde kutta ein kabel då dei grov i grannelaget utan å undersøka først.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement