Døden bak søylene

Kanskje handlar det ikkje om talet på døde, men om måtar å døy på.

Dei daglege pressekonferansane til den svenske statsepidemiologen Anders Tegnell er underlege seansar. Om tala held seg stabile, er Tegnell nøgd, skriv Eivor Oftestad.
Dei daglege pressekonferansane til den svenske statsepidemiologen Anders Tegnell er underlege seansar. Om tala held seg stabile, er Tegnell nøgd, skriv Eivor Oftestad.
Publisert

Dei daglege pressekonferansane til Anders Tegnell i Sverige har vore underlege seansar. Kvar dag klokka 14 har den svenske statsepidemiologen ønskt velkomen og forklart det han no kallar «de klassiska bilderna», nemleg oversikta over smitte og død i verda, Sverige og Stockholm.

Kvar dag vert ei stolpe lagd til i søylediagrammet som har vorte sjølve symbolet på koronadøden. Kva er talet på døde det siste døgeret, og kor på kurva er svenskane no? Viss siffrorna held seg stabile, er Tegnell nøgd. Viss tala av ein eller annan grunn sit fast i datamaskinen og ikkje lèt seg rekne med, vert han litt uroleg, då er det rot i systemet.

Sjølv når talet på døde det siste døgeret låg på over hundre, var «läget» positivt om kurva såg ut til å flate ut eller gå litt ned. Ein ting ein kan undrast på, er kva denne mannen er laga av, ein annan ting er kva teater dette er? Kva rolle spelar døden sjølv i denne framsyninga?

Thanatos

Vi veit at døden har ei kulturhistorie, og koronadøden vert no granska opp og ned av det som så fint heiter thanatologar verda over. Dei studerer døden – eller Thanatos, som dei kallar han, den greske guddomen som er son av natta og bror til svevnen. Dei siste tiåra har thanatologane peika på at døden er spektakulært til stades i dei vestlege samfunna. Han er ikkje lenger skjult, slik som på 1900-talet, då døden var gøymd bort på institusjon.

Tvert om. Vi vert eksponerte for død – dramatisk død – i ein skala som aldri før, ikkje minst fordi globale nyhende kjem rakt inn i stova. Døde menneske er dagleg kost på skjermen – som på morgonen i dag, då eg vart hengande litt for lenge på nettet og inkjeanande vart vitne til at ein indisk gut vart drepen og eten opp etter at han ramla ned til tigrane i ein dyrehage. Videoen følgde innslaget med Tegnell på besøk hos Skavlan, og eg sat ved mitt eige kjøkkenbord og såg på. Det kunne like godt ha vore koronaråka kinesarar som ramla om på gata i Wuhan, men dei lenkene har eg aldri opna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement