Ei lang rekkje triste omstende

Blodet renn i Palestina og Israel att, sju år etter siste krigen.

Brannfolk strevar med å avgrense elden etter artilleriåtak på ein svampefabrikk i Gaza 17. mai.
Brannfolk strevar med å avgrense elden etter artilleriåtak på ein svampefabrikk i Gaza 17. mai.
Publisert

Frustrasjon og harme har bygd seg opp gjennom alle desse åra. Det same har rakettlagera på Gaza, som ved inngangen til denne krigen skal ha husa over 30.000. Israelarane sitt behov for å redusere denne rakettbehaldninga har vakse like mykje.

Når heile barnefamiliar vert drepne på Gaza og infrastruktur vert lagd i ruinar, og når israelarar søkjer dekning for rakettregn frå Gaza, er det krevjande å sjå skilnaden mellom denne krigen og det vi har sett altfor mange gonger før. Krigen liknar den i 2014 (Protective Edge), og den i 2012 (Pillar of Defense) og den i 2008­–2009 (Cast Lead). Men det er på overflata. For dette er ein heilt annan krig.

Nett då pandemien sleppte jerngrepet om det heilage landet, råka i staden eit nærast perfekt utgangspunkt for ny krig. Grunnen til at denne krigen kjem nett no, er knytt til ei rekkje saker. Det handlar om lagnaden til eit folk når store alliansar i regionen skiftar, eit val som har vorte avlyst, og forhandlingar ein heilt annan stad.

Krigshandlingane rammar særleg Gaza, medan byar i Israel for fyrste gong sidan 1966 har militært portforbod. Israelske tryggingsstyrkar er henta inn frå okkupert palestinsk område for å halde israelske palestinarar i sjakk, og det vert ymta om utsikter til borgarkrig. Palestinarar på Vestbreidda har demonstrert, og frå Jordan og Libanon har dei marsjert mot grensa. Det ser stort og farleg ut.

Heilag stad

Likevel er dette ein krig som primært handlar om den heilage byen Jerusalem – Al-Quds på arabisk. Ei rekkje parallelle hendingar i Jerusalem under ramadan floka seg saman den 10. mai, då Hamas og Islamsk jihad frå Gaza lanserte militæroperasjonen Saif Al-Quds – Jerusalems sverd. Det er ikkje tilfeldig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement