Faren for kronisk rettargang
Rowling og transkjønndebatten handlar ikkje minst om korleis ein fører ein offentleg samtale, og kvifor slike samtalar er viktige.
«Skal den offentlege samtalen verte erstatta av ein kronisk rettargang?» Spørsmålet vart stilt av Lars Saabye Christensen i Kaj Skagens intervju i Dag og Tid førre veke. Det treffer samtida rett i magen, og kan vere tittel på saka om forfattaren bak Harry Potter-bøkene, J.K. Rowling, som har ytra seg kritisk og polemisk om moderne kjønnsteoriar.
I januar vart det kjent at
bibliotekarar her til lands ikkje lenger vil halde årlege Harry Potter-dagar av di utsegnene hennar bidreg til å spreie «hat» i samfunnet, slik Leo Beck, bibliotekar i Kvinesdal, ordla seg i Dagsnytt 18 (22. januar 2021). Ser ein nærare på saka, er det, etter mi meining, ikkje hatet frå Rowling, men mot Rowling som er det oppsiktsvekkjande.
I den lange teksten Rowling sjølv har publisert for å forklare kva ho meiner, og kvifor ho meiner det («J.K. Rowling Writes about Her Reasons for Speaking out on Sex and Gender Issues»), fortel ho kva pris ho betaler for å ytre seg. Ho vert kalla transfobisk, ei fitte, ei heks, ein terf (transekskluderande radikalfeminist), og ho fortener boikott, straff og død. Nokre kallar henne for Voldemort, den vonde sjølv i hennar eige Harry Potter-univers.
Kritisk fornuft
Desse reaksjonane syner at historia om Rowling og transkjønndebatten handlar om fleire ting. Forutan ulike oppfatningar om kjønn og biologi, og dinest om meiningsfridom og ytringsfridom, handlar ho ikkje minst om korleis ein fører ein offentleg samtale, og kvifor slike samtalar er viktige. For kva skal vi med ytringsfridom om vi ikkje kan samtale? Kva verdi har det å rope slagord og karakteristikkar til kvarandre?
Historia om Rowling syner at det humanistiske prosjektet er truga, nemleg at mennesket gjennom kritisk fornuft og sam-tale strekkjer seg mot sanninga. Dette idealet kjenner vi til dømes frå klassisk akademia. Vitskapens viktigaste forplikting er idealet om å søkje sanning gjennom spørsmål, ikkje konklusjonar bestemte på førehand. Å strekkje seg mot eit slikt ideal er ikkje mogeleg utan å vise vilje til å forstå dei som meiner noko anna enn ein sjølv, utan å ta seg tid til å lese kva den andre skriv, eller til å lytte til det ho eller han eller hen seier. Målet med usemje i eit samfunn må jo vere at vi, gjennom å verte kjende med andre synspunkt, kan verte litt klokare sjølv?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.