Farvel til Bollestad
KrF manglar ikkje politiske talent, men ein politisk misjon.
Olaug Bollestad trekte seg torsdag førre veke, etter å ha vorte kritisert for ein vanskeleg leiarstil.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Eg hugsar godt første gongen eg intervjua den nyleg avgåtte leiaren i KrF, Olaug Bollestad, på stortingskontoret hennar. Grunnen til det er kanskje at ho sette i gang med å skifte klede medan eg var der. Eller at ho vart på gråten når ho fortalde om episodar frå livet sitt. Partileiaren Olaug Bollestad har vore eit kjenslemenneske som ikkje har vore redd for å gje av seg sjølv – for ikkje å seie av ektemannen, som rett som det er har vore fotografert i bar overkropp i sosiale medium. Bollestad har dessutan teke med seg erfaringar frå eit arbeidsliv utanfor Løvebakken inn i politikken, har brei politisk kompetanse og kjenner partiet KrF tvers gjennom.
No har Bollestad gått tapande ut av ein opprivande arbeidskonflikt, som få kjenner godt nok til å seie så mykje fornuftig om. Å halde fram som leiar, sjukmeld og utan støtte frå resten av leiinga og KrF-autoritetar, ville vore vanskeleg, om ikkje umogleg. Bollestad vert éin av ei rekkje KrF-leiarar som har måtta gå på ein lite ærerik måte.
Ned, ned, ned
Utan å ta stilling til det aktuelle varselet i KrF er éin ting sikkert: Det er lettare å byte partileiar når eit parti alt ligg nede. Kva har partiet å tape? Ein av leiarane som fekk oppleve det, var Valgerd Svarstad Haugland. Ho trekte seg etter ein knusande evalueringsrapport i kjølvatnet av lokalvalet i 2003. Ho hadde då gjennom fleire år reist KrF saman med Kjell Magne Bondevik, med kontantstøtta som fanesak. Så sokk partiet i oppslutning frå 9,3 prosent i 1999 og 12,4 i 2001 til 6,4 i 2003. Haugland vart ofra. Sidan har stadig færre røysta KrF.
Dagfinn Høybråten tok ikkje attval i 2011, etter at både anonyme og opne kjelder kritiserte leiarstilen hans i Aftenposten. Heller ikkje denne avgangen auka støtta til partiet. Det er knapt naudsynt å nemne at støtta heller ikkje auka etter at Knut Arild Hareide og deretter Kjell Ingolf Ropstad gjekk av. Hareide fordi han ikkje makta å samle partiet om å samarbeide til venstre. Ropstad som følgje av pendlarbustadsaka. Ved det førre stortingsvalet nådde partiet botnpunktet med ei oppslutning på 3,8 prosent – under sperregrensa.
Misjonær utan sak
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.