Havrånaren
Erna Solberg har pynta seg med lånte fjør, og resultatet er eit gedigent mageplask.
Kva er den merkelegaste internasjonale utnemninga, etter at Obama fekk Nobels fredspris i 2009 nesten før han hadde fått sett LP-platene og bøkene i hyllene i Det kvite huset? Du må gjerne sende inn forslag, men eg trur det er at FN for ei stund sidan utnemnde Erna Solberg til «havvernar» for Havtiårsalliansen i FNs havforskingstiår.
For kva slags havnasjon er Noreg eigentleg, spesielt under Erna Solberg? Er vi eit førebilete for andre land? Regjeringa freistar å ta den rolla. På Davos-møtet i 2018 tok Noreg initiativet til eit «globalt havpanel» der målet er å sette havhelse og marin berekraft på den globale agendaen.
Fortener Erna Solberg å sole seg i glansen av havet?
Eg veit knapt kor eg skal begynne. Jau, visste du at berre tre land i verda no godtar dumping av gruveavfall i havet? Indonesia og Chile, liberalkapitalismens høgborg, har nett slutta. Berre Tyrkia, Ny-Guinea og Noreg er igjen på denne lista. Repparfjord og Førdefjorden er førebels offer: Norske «gründerar» få løyve til å fylle norske fjordar med gruveavfall – før dei mest sannsynleg sel konsesjonen til eit utanlandsk selskap ingen greier å finne ut kven som eigentleg eig, når miljøproblema melder seg.
Gruvedrift på havbotnen er ei norsk satsing. Oljebransjen og regjeringa snuser no på sjansane til å tene milliardar på dette, melde NRK sist månad.
Eg blir sittande og skrolle gjennom ei mappe eg har på maskina. Ho inneheld mange hundre nyhende om ting som vedkjem havet. Mens eg skrollar nedover og oppover, ser eg mønster. Alle «positive» nyhende handlar om pengar, om at nokon har tent nye milliardar eller snart kjem til å gjere det. Det er vel difor vi har hav, fisk og maritime motiv på alle pengesetlane våre. Det kan vere at oppdrettskonsern har fått kvartalsvise milliardoverskot, eller at ein laksearving er blitt Noregs rikaste mann.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.