Israelske monologar

Har Dag og Tid verkeleg skaffa seg ein ideologisk settler til å dekke Israel og dei okkuperte områda?

Palestinske arbeidarar står i kø ved Al-Jalama på den okkuperte Vestbreidda for å kome på jobb i Israel 2. mai i år.
Palestinske arbeidarar står i kø ved Al-Jalama på den okkuperte Vestbreidda for å kome på jobb i Israel 2. mai i år.
Publisert

Dag og Tid har byrja ein serie frå Israel. Han har fått tittelen «Israelske monologar». Her skal lesarane få vite korleis vanlege israelarar tenker. Serien er skriven av nordmannen Geir Olav Jørgensen. Han har sjølv vore ideologisk settler på Golanhøgdene, og tidligare fått plass i avisa med koselige heime-hjå-reportasjar hjå andre settlarar på same plass. Her fekk vi møte det menneskelege andletet til folk som på bakgrunn av religiøs og/eller ideologisk fanatisme – eller kanskje berre av pragmatiske, økonomiske årsaker – vil overta landet til andre menneske med vald.

Jørgensen brukar avisa til å kolportere gamle og nye mytar. Også slike som er, nei, burde vere, fullstendig punkterte av deltakarar, augevitne, journalistar og historikarar. Sist helg får israelaren Barak Herscowitz breie seg med mykje slikt i avisa, med Jørgensen som passivt mikrofonstativ. Kanskje saka er meint som eit slag journalistisk spleiselag. Herscowitz og Jørgensen bidreg med israelsk propaganda, så er det meininga lesarane sjølve skal korrigere med fakta?

Oslo-prosessen

Jørgensen/intervjuobjektet nytter mykje av plassen på å skape ei bestemt historieforståing rundt Oslo-prosessen og Camp David. Ifølgje denne forteljinga, slik ho heilt utan motstand blir formidla av Jørgensen, var israelarane ekstremt sjenerøse, mens palestinarane var utakksame og dumme som ikkje sa ja.

Israel har lenge freista å hevde denne versjonen av røyndomen. Men det er feil, noko som er veldig godt dokumentert. Mykje av dokumentasjonen er samla i bøker, for eksempel i Charles Enderlins Shattered Dreams: The Failure of the Peace Process in the Middle East, 1995–2002. Ei anna viktig kjelde er artiklane til Robert Malley, Midtausten-­eksperten som var tungt involvert i fredsprosessen på amerikansk side. Ved Camp David sa Israel seg villig til å trekke seg tilbake frå 96 prosent av dei områda Israel var villig til å forhandle om. Barak gjekk med på å trekke den israelske hæren ut av 46 prosent av dei okkuperte områda. Og Israel sette ei lang rekke føresetnader sjølv for dette. Palestinarane blei tilbydde ein parodi på ein stat, og det meste ville framleis gått føre seg på Israels nåde.

Det er lett å sjå kvifor mange israelarar tviheld på ein galen versjon: «Vi gav dei alt dei ville ha. Men sjølv det var ikkje nok. Dei vil aldri ha fred. Så vi hadde ikkje noko val.» Denne forteljinga tener bestemte føremål: å legitimere okkupasjonen og å få israelarar til å kjenne seg betre («vi vil ikkje vere eit herrefolk som undertrykker andre, dei har tvinga oss til å gjere det»).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement