Jolekrenk

Året 2020 vart året då skuldingar om krenking sat endå lausare.

Publisert

Verda er i ferd med å verte vekt, eller woke, som det heiter i dag. Den nye vekkingsrørsla gjer oss merksame på syndene våre, slik at vi kan reinske dei vekk frå fortid og notid og leve i fellesskapen av reine menneske. Synda heiter krenking, og ein vanleg måte å krenke på, er kulturell appropriering – å tileigne seg kulturen til andre folk, gjerne minoritetar.

Vi kjende ikkje omgrepet for ti år sidan, men no har det festa seg som ein diagnose på ein sjukdom i samfunnet, noko som skal vekk. I haust har vi reinska vekk samar frå Joika-boksen, eskimoar – orsak, inuittar – frå Diplom-isen og indianarhøvdingar frå Hattings pølsebrødpose. Medan dette er kuriøse anakronismar, vart det meir alvorleg då komikaren Espen Eckbo valde å avlive figuren Ernst-Øyvind, ein kristiansandar med afrikansk opphav (vart det korrekt?), etter skuldingar om rasisme. Den nye rørsla er utan nåde. Eksempla er mange, og nye skuldingar dukkar stadig opp. Kor skal det ende?

Nytt tenkesett

Kva inneber det nye tenkesettet, kva er denne vekkinga som heimsøker verda?

Eit opplagt poeng er at det er eit nytt tankesett. Det vert tydeleg ved eit lite blikk i spegelen. For den største kulturelle approprieringa av alle må vere jolefeiringa me sit midt oppe i no. Éin ting er det heidenske joleblotet som vart kristna i norrøn tid. Det høyrde til ein kultur som vart heilt utradert, slik at det ikkje er mange igjen som kan verte krenkte av det.

Ein annan ting er korleis den kristne jola freidig nyttar jødiske førestillingar til eige bruk. Heile poenget med historia og religionen til jødane er ifølgje dei kristne at Jesus var Messias som jødane venta på, og som profetane hadde lova. No var jo både Jesus og dei fyrste kristne sjølve jødar, og romarane tolka dei som ei jødisk sekt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement