Krigen blir avgjord i Haag

Tredje og siste etappe av den blodige Gaza-krigen står for tur. Folkeretten får no ei langt viktigare rolle enn Israel har opplevd i tidlegare krigar.

Publisert

Sidan 7. oktober har Israel slått fast at Hamas må utslettast på Gaza-stripa. Det gjeld ikkje berre den militære terrororganisasjonen med evne til å råke Israel, det omfattar òg Hamas som styresmakt på dei delane av Gaza som enno ikkje er gjenokkuperte av Israel.

I Rafah finn vi i tillegg til Hamas og andre væpna grupper ein million fordrivne palestinarar utan nokon stad å søkje tryggleik. Dei fleste av dei er born. «Krigføring i urbane strøk» i Rafah kan nok meir presist kallast krigføring blant born. Tanken på at den hardaste og vanskelegaste delen av krigen på Gaza truleg ligg framfor oss, er knapt til å halde ut.

Men for palestinarane som kjem frå krigen med livet i behald, blir slaget som skal stå i Den internasjonale domstolen i Haag, likevel viktigare enn det som skjer på Gaza. Også for Israel blir krigen vunnen eller tapt i Haag.

Folkemordsaka

Det minste juridiske slaget står om folkemordspørsmålet. Som kjent reiste Sør-Afrika sak mot Israel om brot på folkemordkonvensjonen for Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ). Den saka vil leggje rammer for den vidare krigføringa til israelarane på Gaza og råkar Israel på mange vis.

Berre ein av dei 17 domarane motsette seg å opne sak på prinsipielt grunnlag. Argumentet hennar var at saka inneber at FN-domstolen ICJ vert nytta politisk. Det er prosessen og ikkje resultatet som er det drivande motivet for folkemordsaka i Haag. Domstolen gjev verdssamfunnet eit anna instrument enn Tryggingsrådet i FN for å påverke krigens gang og verne sivile. Dei andre 16 domarane konkluderte med at FN-domstolen bør nytte knipetonga si når alle andre reiskapar er utilgjengelege.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement