Krigens røyndom

Det store dilemmaet i rettssaka mot IS-kvinna er følgjande: Korleis skal domstolane våre forvalte krigen i Syria frå eit av dei fredelegaste hjørna på jorda?

Røyk stig opp frå amerikanske bombemål i Kobane i Syria 17. november 2014. IS-krigarar hadde då i meir enn to månader og med store tap freista å erobre byen frå kurdiske styrkar.
Røyk stig opp frå amerikanske bombemål i Kobane i Syria 17. november 2014. IS-krigarar hadde då i meir enn to månader og med store tap freista å erobre byen frå kurdiske styrkar.
Publisert

Denne veka har vi høyrt dei avsluttande prosedyrane i saka mot IS-kvinna som drog til Syria og enda som IS-brud i kalifatet. Det er ikkje usemje om kvinna gjorde det ho er skulda for. Spørsmålet er om Noreg skal straffe kvinner for heimlege syslar som husstell og barnepass når det skjer som del av terrorprosjektet til IS. Det er òg spørsmål om kvinna hadde det nødvendige forsettet, altså om kvinna ønskte å vere med på det ho gjorde.

Staten hevdar at kvinna visste kva ho var med på då ho drog til krigen i Syria i 2013. Staten legg òg vekt på at ho i ei årrekkje verka som sengepartnar, mor og husmor for ulike menn som hadde sentrale roller i IS. Påtalemakta meiner at kvinna bør dømmast til fire års fengsel for «deltaking i terrorrørsle».

Forsvaret meiner at ho ikkje kunne vite kva som venta henne då ho drog, og at syslane ikkje kan straffast som «deltaking» fordi ho var i ein tvangssituasjon i kalifatet. Forsvaret hevdar òg at kvinna ikkje kan straffast fordi ho sjølv var eit offer for menneskehandel.

Staten og forsvaret er einige om dei store rammene for straffebodet i straffelova paragraf 136a om «deltaking i terrorrørsle». Aktive bidrag til å halde oppe rørsla skal straffast. Passiv medlemskap skal ikkje straffast. Men kvar fell husmora sitt lodd?

I den avsluttande prosedyren la påtalemakta vekt på handlingane til kvinna. Dei daglege syslane medverka til at andre kunne gjere noko som var strengt forbode. Fordi kvinnene verka oppmodande og la til rette for dei aktive bidraga til ektemennene, har også handlingane til kvinna medverka i den grad at det kan kallast deltaking. Dette er ikkje heilt i tråd med den vanlege medverknadstankegangen i norsk strafferett.

Oppvasken må takast, men det vert ikkje medverknad til alvorleg kriminalitet av den grunn. Årsaka til at medverknadsansvaret strekkjer seg så langt for deltaking i ei terrorørsle i Syria, er at dette handlar om noko anna enn vår fredelege norske røyndom. Det er krigens logikk som rår i Oslo tingrett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement