Makta tek seg til rette
Statsminister Erna Solberg har gjort det igjen. Med utnemning av Frank Bakke-Jensen til ny fiskeridirektør har ho for tredje gong utnemnt ein av dei sitjande statsrådane sine til ei embetsstilling.
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen er utnemnd til ny fiskeridirektør.
Foto. Terje Bendiksby / NTB
Statsministerens kontor har vedgått overfor Dag og Tid at ingen sitjande statsråd nokon gong er blitt utnemnd til ei ny embetsstilling medan dei var statsråd, før statsminister Erna Solberg innførte ein slik praksis i 2014. Ho innførte med det, utan drøftingar, ein ny statsskikk.
I alle år tidlegare har ein statsråd eller statssekretær som ville søke på ei stilling som ville bli lyst ledig, måtta søke avskil som statsråd eller statssekretær, fråtre og først etter det kunna søke. Historia er full av døme på at dette har skjedd.
No blir sitjande statsrådar utnemnde gong på gong utan at nokon, ikkje eingong opposisjonen på Stortinget, protesterer. Og tek regjeringa seg bryet med å sende søkaren på gangen medan dei drøftar kandidaturet?
Tek seg dårleg ut
Det er gode grunnar til at den faste praksisen var som han var. Det tek seg dårleg ut at regjeringskollegiet plukkar ut og favoriserer ein i sin midte til ei ny stilling i konkurranse med andre søkjarar. Ein kan også trygt legge til grunn at ingen statsråd søker ei ny offentleg stilling utan å klarere søknaden med statsministeren på førehand. Det vil statsråden gjere for å unngå å bli audmjuka ved ikkje å få stillinga.
Om statsministeren ikkje formelt lovar at statsråden får stillinga, må ein legge til grunn at saka reelt er avgjord. Det vil innebere at heile søknadsprosessen dermed er avgjord på førehand utan reell konkurranse med dei andre søkarane. Kven er tent med det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.