Maktklubb på Abildsø?

Då det kom fram at tre av fire i den nye politiske leiingai Barne- og familie­departementet er frå Oslo Misjonskirke Betlehem, vakna media. Mogleg konspirasjon?

Kjell Inge Ropstad har valt rådgjevarar frå frikyrkja han tilhøyrer.
Kjell Inge Ropstad har valt rådgjevarar frå frikyrkja han tilhøyrer.
Publisert

SVs Freddy André Øvstegård meinte at «det sår vesentlig tvil når et så lite miljø setter et så stort fotavtrykk i departementet som har ansvar for tros- og livssynsspørsmål. Man blir usikker på hvorvidt dette er tilfeldig, eller om det har skjedd noen form for samrøre».

Men for dei som leiter etter skjulte teologiske alliansar og skumle intensjonar, er det lite å hente i Oslo Misjonskirke Betlehem på Abildsø i Oslo, der den lokale kyrkjelyden til barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad, politisk rådgivar Elisabeth Løland og statssekretær Julian Farner-Calvert ligg. Dette er langt frå ei sekt. Dei tre politikarane møttest heller ikkje i denne kyrkjelyden. Dei kjende kvarandre frå før.

Kyrkjelyden Betlehem er ein del av Misjonskirken Norge, det gamle Misjonsforbundet. Kva møter dei tre politikarane kvar sundag? Dette er på alle vis ein pragmatisk organisasjon, som teologisk ikkje utmerkjer seg særleg, korkje i liberal eller konservativ retning. Her er ikkje tungetale eller læking, ikkje pågåande pastorar som tvingar dei unge til å omvende verda, berre tradisjonelle liturgiske uttrykk. Gudstenestene er passe keisame, men meir livate enn ei gudsteneste av Gunnar Stålsett. Folk kjem ikkje fram for å bli frelst under gudstenesta. Dei truande kan ha eit inderleg trusliv, men med stor vekt på å delta i samfunnet. Samvitet til den einskilde styrer det meste, ikkje pastorane. Her er ingen dogmatiske læresetningar, ingen sterke prestar som avgjer kva dei ulike medlemene må meine om sex før ekteskapet, om homofili, om abort, om Israel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement