Oppgjerstimen

Når krigen er langt unna, er det lettare å halde hjartet varmt og hovudet kaldt.

Publisert

Eit gamalt jungelord frå Romarriket seier inter arma silent leges – når våpena rår, teier lovene. Etter krigen, derimot, er det tid for oppgjer. Då skal det delast ut medaljar til dei som gjorde rett, medan dei som gjorde feil, skal haldast til ansvar og dømast etter loven.

I Noreg er det særleg etterkrigsoppgjeret etter andre verdskrigen som kjem i pannebrasken når det vert tala om rettsoppgjer etter krig. Men no er det eit anna krigsoppgjer som gjeld – det er oppgjeret vi held i ruinane til IS-kalifatet.

I ei covidfri verd ville Hans Majestet Kong Harald denne veka – den 8. mai – ha overrekt eit krigskors med sverd på Akershus festing med stor festivitas. Medaljen er den høgaste militære utmerkinga i landet, og regjeringa står bak tildelinga.

Mottakar er den norske soldaten Knut Andreas Flydal frå Forsvarets spesialkommando (FSK). Regjeringa tildeler i år Flydal krigskorset med sverd for innsatsen hans i ein dramatisk kamp mot IS i krigen i Syria våren 2017, då al-Tanf-basen vart angripen av IS-krigarar og sjølvmordsbombarar i eit ti timar langt åtak. Det var mykje hysj då det stod på, men historia er no moden for publikum.

Skuldig

Denne veka har òg Oslo tingrett komme med dom i saka mot den norske kvinna med pakistanske anar som heldt til i IS-kalifatet i fem år og vart henta heim frå Syria med borna sine av (bortimot) den same regjeringa for eitt år sidan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement