Pedagogikken som maktspråk

I Noreg byggjer den pedagogiske vitskapen på Det Norske Arbeidarpartis ynske om å få herredøme over skulen. Kva det nye læreplan- forslaget byggjer på, er uklart.

Som det høver seg for eit symbolladd kunstverk i eit universitet, syner kunstverket «Historien» av Edvard Munch pedagogen i arbeid.
Som det høver seg for eit symbolladd kunstverk i eit universitet, syner kunstverket «Historien» av Edvard Munch pedagogen i arbeid.
Publisert

I biletet «Historien» i Universitetets Aula i Oslo har Edvard Munch måla ein gamal fiskar som fortel ein liten gut om det han minnest frå eit langt liv. Kunnskap og røynsle vert formidla frå éin generasjon til ein annan. Som det høver seg for eit symbolladd kunstverk i eit universitet, syner det pedagogen i arbeid. Det dei eldre kan og veit, vert ført vidare til dei unge, med den autoriteten som ligg i at dei eldre veit meir og kan meir om det som har verdi for dei unge.

Tradisjon

Paradoksalt nok måla Munch biletet i ei tid då det ikkje lenger var sjølvsagt at dei eldre sat inne med denne autoriteten. Ved universitetet som i skulen vart det nye idealet at dei unge skulle kritisk granske tradisjonen dei var ervingar til. Ein skulle ikkje lenger bøye seg for ei sanning berre fordi ho var vedteken og gamal.

Med basis i vitskapleg metode skulle kvar og ein elev og student sjølv ta sitt eige standpunkt til det lærestoffet som dei vart konfronterte med, slik idealet var for skulereformene som Venstre fekk gjennomført på slutten av 1800-talet, med gymnasreforma av 1896 og universitetslova av 1905 som sluttsteinar. I sitt eige kunstnarskap levde Munch sjølv opp til idealet: Tradisjonen må forkastast om han ikkje kan brukast for det ein ny generasjon treng for å uttrykkje seg med sanning og sjølvstende.

Ikkje så at historia dermed fall ut. Tvert om. I det nye vitskapsidealet vart historisk kunnskap særleg viktig. Historia vart grunnleggjande for korleis ein kunne orientere seg i verda og forstå seg sjølv i ein vidare kontekst, som det høvde seg i ei tid då utvikling over tid var forstått som sjølve hovudprinsippet for både biologisk og sosialt liv. Men alt måtte granskast i kjeldekritikkens skarpe ljos.

Politikk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement