Totalitær pengemakt
Kven utfordrar det liberale demokratiet i dag?
Skal grunnlovsdagen handla om noko meir enn russebråk, smitte og knivstikking i Frognerparken, må vi kunna ta fram dei store spørsmåla i desse maidagane.
Då Karl Popper, filosof og samfunnkritikar, skreiv sitt generaloppgjer med totalitære samfunn i 1942, peika han på to fiendar av det opne samfunnet: kommunismen og fascismen. Det var ein presis analyse, og Popper visste kva han skreiv om, for han måtte rømma frå Austerrike, og enda sine dagar som ein adla og høgt respektert akademikar i Storbritannia.
Ved tusenårsskiftet var dei fleste kommunistiske diktatura borte og erstatta dels av liberale demokrati, dels av totalitære statar – men begge med økonomisk liberalisme.
Men den antikommunistiske retorikken overlevde. I somme miljø er det nok å nemna skatt og offentleg ansvar for helsevesen, så skrik ein opp om kommunisme. Særleg tydeleg er det i USA, der ord som sosialisme og kommunisme er nok til å stogga ein verkeleg debatt om til dømes organiseringa av helsevesenet. Inntrykket som fester seg, er at kommunismen og den statsstyrte økonomien framleis er den fremste fienden til demokratiet.
Handel med val
Skal vi diskutera kva som trugar demokratiet i dag, vil mitt forslag vera at det er pengemakta. Det er blitt demonstrert gjennom to store valskandalar: den britiske brexit-folkerøystinga og presidentvalet i USA i 2016. I begge høve kunne pengesterke aktørar kjøpa datakraft som manipulerte veljarane ved utspekulerte former for personleg påverknad gjennom oppkjøp av data om einskildpersonar. Om dette faktisk førte til brexit-ja og Trump-siger, er vel vanskeleg å seia. Det prinsipielt utfordrande er at ein aktør med nok pengar, kan kjøpa tenester som underminerer sjølve hjarta i demokratiet: det frie og uavhengige valet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.