Tyskland blir hardare i kanten
Etter valet sist helg vil tyskarane bli skarpare mot Kina og Russland. Men landet vil halda fram som ein militær ministat.
Plakatane kan ryddast bort. Sosialdemokraten Olaf Scholz vert truleg den neste tyske kanslaren. Han har dei siste tre og eit halvt åra vore tysk finansminister. Om det er noko tyske veljarar er allergiske mot, er det økonomisk ustabilitet og ansvarsløyse.
Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters / NTB
Angela Merkel har vore kanslar i Tyskland i heile 16 år. Det er to år lenger enn Konrad Adenauer, mannen som skapte den moderne tyske staten. Dei to hadde den same grunnleggjande haldninga til brå endringar, uttrykt gjennom slagordet Keine Experimente. Slik klarte dei å halda seg ved makta i så lang tid.
No er Merkel-epoken slutt. I skrivande stund veit ingen heilt sikkert kva som kjem etter. Det kan bli ein såkalla trafikklyskoalisjon av det raude SPD, Dei grøne og så dei gule fridemokratane i FDP. Det kan òg bli ein koalisjon med dei to sistnemnde partia med unionspartia CDU/CSU i førarsetet.
Men at unionspartia held fram i regjering, er lite truleg: CDU/CSU leid ved valet sist sundag det mest svidande nederlaget i partihistoria. Partiet fekk berre 24 prosent av røystene og gjekk attende med 9 prosentpoeng. Så seint som i 2013 fekk partiet 41 prosent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.