Abort: Lover er normdannande
Stortingssalen i samband med behandling av ny abortlov.
Foto: Thomas Fure / NTB
I veljarundersøkinga til Statistisk sentralbyrå frå 2021 svara 54 prosent av kvinnene at dei ville halda på dagens sjølvbestemte abortgrense på 12 veker. Som barne- og familieminister Kjersti Toppe sa det i stortingsdebatten, har det ikkje vore noko unisont krav i befolkninga om å endra denne grensa.
Dei aller fleste søknadene om abort etter veke 12 vert i dag innvilga av nemndene. Men det er ikkje eit argument i seg sjølv for å utvida grensa til 18 veker. Som Anna Molberg frå Høgre sa i debatten i Stortinget, kan ein ikkje basera så viktige etiske spørsmål på tal. Fosteret treng eit prinsipielt vern, og det må verta sterkare jo lenger ut i graviditeten ein kjem.
Lover er normdannande og bidreg til å forma og endra haldningar. Ei utviding med fri abort til veke 18 vil for nye generasjonar kunna påverka åtferda slik at fleire abortar kan verta tekne etter veke 12, og vegen til ei ytterlegare utviding kan verta kortare.
Og ved å halda på ei grense på 12 veker kan ein betre bidra til å hindra «en mindre aksept for det uperfekte og det som er annerledes» som Morten Magelssen, professor i medisinsk etikk, og Marte Kvittum Tangen, leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, la vekt på i dissensen dei kom med i NOU-rapporten Abort i Norge frå 2023.
Samstundes er det er ikkje tvil om at mange kvinner har opplevd nemndene som ei ekstra belasting i situasjonar der abort uansett er einaste forsvarlege utgang. Ei reform av nemndarbeidet, der ansvaret og oppfølginga av kvinnene vert lovfesta og flytta til helsetenesta, og der nemndene vert leia av ein lækjar og med kvinner i fleirtal, kunne ha motverka denne belastinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.