Den kvite skiten

Å hindra smugling er ikkje lett med ein lang kyst, mange hamner og eit tollvesen som er sterkt underbemanna.
Å hindra smugling er ikkje lett med ein lang kyst, mange hamner og eit tollvesen som er sterkt underbemanna.
Publisert

Ifylgje Kripos er Noreg på veg til å verta eit transittland for narkotikasmugling frå Sør-Amerika. Det må vi ta på alvor og stå imot. Men å hindra smugling er ikkje lett med ein lang kyst, mange hamner og eit tollvesen som er sterkt underbemanna.

Karin Tanderø Schaug i Norsk Tollerforbund fortel i dagens avis at vi har 600 tollarar på vakt, men meiner at talet bør vere minst 1000. Denne veka møtte ho finansminister Trygve Slagsvold Vedum. Han hadde lytta – så får vi sjå når statsbudsjettet kjem, om saka vert prioritert.

Særleg er det smuglinga av kokain som aukar, med auka misbruk som resultat. Kokain er eit sentralstimulerande stoff som det er lett å verta avhengig av. Rusen kjem fort, men går òg fort over. Difor må ein ta ein ny dose etter kort tid om ein vil halda på rusen.

Lækjar Jonas Kinge Bergland skreiv sterkt og brutalt om kokain i Aftenposten i fjor. I detalj går han gjennom korleis kokainen vert produsert i jungellaboratorium i Sør-Amerika ved å blanda kokablad med sement til ein masse som igjen vert blanda med svovelsyre og vatn. Etter ulike prosessar, blant anna ved å nytta batterisyre og bleikemiddel, sit ein til slutt att med det kvite pulveret.

Bergland skriv vidare om smuglinga gjennom jungelen før ulike kriminelle kartell klarer å få kokainen til Noreg, slik at ei jente eller ein gut kan dra dette kvite stoffet opp i nasen – med direkte ruseffekt rett i hjernen. I ein kort periode vert misbrukaren kvikk, i god stemning og får sjølvtillit. Men om ein brukar stoffet lenge, kan ein få psykiske problem, depresjon og angst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement