Det er nok no
«Mengda av informasjon og detaljar i saka mot Marius Borg Høiby er så stor at det vert ei urimeleg belastning.»
Redaktør i Dag og Tid, Svein Gjerdåker.
Foto: CF-Wesenberg
I vekevis har dei dominerande avisene og fjernsynskanalane skrive og tala om siktinga mot Marius Borg Høiby. Saka har sjølvsagt offentleg interesse, og kongehuset skal ikkje vernast mot kritikk.
Ein kan ikkje gjera som redaktøren i Dagen, Arthur Berg, som før rettssaka mot Arne Treholt konsekvent lét vera å skriva namnet hans og berre omtala han som den sikta byråsjefen i UD.
Siktingane mot Høiby er alvorlege, og dei fornærma skal få all mogeleg støtte. Det kan likevel ikkje grunngje og forsvara den massive pressedekninga vi no ser, der mange medium lagar klikksak etter klikksak – med god kjennskap til at desse sakene får mange treff. Botnnivået så langt er trykkinga av bilete som fyrst vart publiserte av ei tysk tabloidavis.
Mengda av informasjon og detaljar i saka mot Marius Borg Høiby er så stor at det vert ei urimeleg belastning. Høiby har sjølv sagt at han gjennom heile oppveksten og vaksenlivet har hatt utfordringar. Han fortel at han slit med rusmisbruk og har fleire psykiske lidingar. Det kan likevel ikkje frita han for kritisk journalistikk.
Likevel, reglane pressa sjølv har laga, er klare på at ein skal syna varsemd i omtale av saker som er på eit tidleg stadium i etterforskinga. Mange menneske vert sette ut av ein negativ omtale i ein liten notis. Som redaktør har ein ansvar for det ein sjølv publiserer, men ein må òg ta omsyn til det samla medietrykket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.